Korleis oppsummere eit år som 2020, skreiv i fjorårets versjon av året i tolv bilete. Og vel, så sit eg her eit år etterpå og må nesten skrive det same om 2021. Det har vore ei berg-og-dal-bane, som året før. Tre gongar har me måtte stenge hallen for publikumsbading, og me startar dette året likt. Lite sosiale kveldar og orkesterspeling, eit ordentleg hjartesukk. Men i denne årsoppsummeringa vil eg fokusere på det kjekke, for eg har lese ein haug med gode bøker, hatt spelekveldar og gått turar med kohorten, fått oppleve ei ekte hyttepåske, strikka som aldri før, knallbra bilferie i Noreg i sommar, ein konfirmasjon og to musikalturar – 2021 har innimellom vist seg frå ei god side. Januar og det nye året starta med å strikke vidare på den tjukke Twiggy-genseren, middag på Sola der Zalo var heilt med (akkurat som i år), Kristianlystturen i nydeleg vintervêr, sjå Good Omens for tredje gong(!), kose oss med å sjå den gamle Narnia-serien, meir strikking, rim på bakken og mange frostmorgonar, kakao toppa med krem og "Ticket to Ride", bli hekta på Great Canal Journeys, lese Trollvinter av Tove Jansson, liten tur opp til Ullandhaug der me sa "hei" til ein sauetrio, gå heim frå jobb og kjenne sola varme og videoquiz med verdas beste jenter.
Mars: lese ut den siste boka i Emily-serien av L.M.Montgomery (å, som eg saknar Prince Edward Island), snøklokker og helleristningar ute på Austre Åmøy der me gjekk ein god sundagstur, sola i andletet på veg til jobb, koseleg kaffidate med ei veninne, ein laurdag med taco, Kompani Lauritzen og to fine veninner, tur i Melsheia (lenge sidan sist), skrive og sende av garde såkalla klemmekort, endå fleire snøklokker, strikke ferdig Twiggy-genseren, lese påskekrim og få oppleve ei superfin hyttepåske med "Påskelabyrinten", ordentleg fjellro, påskeegg, lese ute på terrassen og foran peisen, gode bøker, quiz og diverse brettspel.
April: bursdagskake og mange fine bursdagsmeldingar, gartneritur i lag med fine folk, fargerike fredagsmakronar, lese den fyrste boka i The Paper & Hearts Society, magisk å lese ute på balkongen fleire av aprildagane, blomar på trea, sjå meir av Michael Palins mimreprogram, Ann Cleeves sine krimbøker, endå meir av kulaste Kompani Lauritzen, rosa himmel over naboblokka, heimelaga latte og "koseleg-mord-boka" Torsdagsmordklubben (heilt herlege karakterar), mykje bra eigentrening i bassenget, Stokkaturen i herleg solskin og nytt strikkeprosjekt.
Mai: spele "Boule" (eller "Boccia") i lag med broren min og han der fine, artig med krimserie frå New Zealand (Mysteria i Brokenwood), byrje å lese Narnia-bøkene. kunne ha publikumsbading i svømmehallen igjen, Grannesturen og ein liten tur i den botaniske hagen, knallgod mat på Spiseriet i lag med fine folk og etterpå ein kjempebra konsert med Kjell Inge Torgersen og SSO, roleg feiring av nasjonaldagen med "sop-i-hop-pavlova" som blei veldig god, trøytte og søte lam oppe på Jernaldergården, kirsebærtre i full blom og seinare alle blomeblada på bakken, sundagstur rundt Hålandsvatnet, og me såg søte sauar overalt, balkonglesing og feire seks år som mann og kone.
Juni: lese volum to og tre i Heartstopper-serien, å kunne kose meg med kvar einaste episode av Great Canal Journeys, to halvstore, men likevel så søte, kalvar i nærområdet vårt, finaste svanefamilien, ein bitteliten lesepause i sola på veg til jobb, restaurant, prat og kino (In the Heights) med ei veninne, ete lokal is frå Delizia på bursdagen til mannen min, å teste ut REKO-ringen Stavanger/Sandnes, gå ein liten tur ved Hafrsfjord med broren min, den flotte og fargerike buketten eg fekk frå jobb etter å ha vunne den der namnekonkurransen og vere med å strikke Collett Tee gjennom juni månad.
Juli: gå heile tre kvardagsturar (Eikebergturen, Sundeturen og Skeieturen – håper verkeleg på fleire slike turar i år), balkonglesing både før og etter jobb, kule dyr ved Gausel fritisdgård, syngje på songane frå In the Heights, fin grøftekantsbukett, kaffi og ei Christie-bok, laurdagspizza og latterkrampe av "Ryktet går" i lag med eit venepar, le høgt av Huskestue og Taskmaster, spele litt "Dominion", kjekke filmar, tinge overnattingar til ferien, ete sundagsmiddag på Kronen Gaard i lag med familien, ei lita veke til på jobb, fyrste vaksinedose og sidan bilferie med historiske overnattingar, bading, besøke ein isbre, stikke innom bokbyen i Fjærland, gå turar i vår flotte natur, overnatte i ei hobbithytte og besøke svigers på Sunnmøre.
August: slutten av bilferien vår med Røros, Sjusjøen, Hadeland Glassverk, Kistefos, Langhus og Suleskarvegen, komme heim og sove i eiga seng, ha ei ferieveke heime der eg og ei veninne drog til Bømlo og Moster Amfi for å sjå musikalen Kristina frå Duvemåla, kjekt å overnatte på hotell, dra på gulljakt og stikke innom ein kjempebra bruktbutikk, koseleg med dagstur opp til hytta, biblioteksbesøk og restaurant med mannen min, meir strikking og krimserie på skjermen, gå Buøyturen og feire bursdagen til ei veninne, laurdagskaffi på Heddas, roser frå mannen min som ønska å gjere dagen min mjukare og lesestund om kvelden ute på balkongen med boka i fanget og stearinlys i lanterna.
September: morgonlyset over Breiavatnet, togtur til Oslo og Langhus for å vere med i konfirmasjonen til niesa vår, veldig stas å ha på bunaden, helse på finaste katten Bambus då me budde hos onkelen min i Oslo, ta andre vaksinedose, kunde som over telefonen takka og bukka for god hjelp, liten tur blant haustfargane i Sørmarka, øve på orkesternotane i lag med mannen min, lese ute på balkongen, kaffi og kake i lag med ein god ven før kveldsvakta på jobb, lese vidare i Narnia-serien, alle fargane i den botaniske hagen, storfangst på REKO-ringen, meir lesing, liten tur rundt Mosvatnet der eg såg de fine svanene og bli heilt ferdig med den eplegrøne Shine Short Sleeve.
Oktober: eit glimt av vanlege tider då me kunne skrote bookingsystemet, dynefrukost ein sundagsmorgon, adoptere den søtaste elefanten Esoit, byrje på ein stilig genser til mannen min, konsert med orkesteret etter nesten eit heilt år sidan førre gong, høyre på Tønes sitt nye album, vemodig på ein fin måte å sjå ferdig den aller siste episoden av The Durrells, ete på Døgnvill og etterpå sjå Dune på kino miniferie der me køyrde til bokbyen Tvedestrand og sidan Oslo (du veit, eg skulle sjå musikalen Mamma Mia! på Folketeateret), tur opp til hytta for både dugnad, hygge og avslapping, meir strikking, bokklubbmøte over nettet, knallgod middag på Zoug og så Bond-filmen No Time to Die på kino, le høgt av Coda KORK, nydeleg tur blant haustfargane i Rogaland Arboret, køyretur og kaffi i lag med ein god ven og spele "Takenoko".
November: brukskunstmessa i Åsenhallen, pizzakveld heime på Sola, vise fram min kongeblå Collett Sweater, sjå den nye Wes Anderson-filmen på kino (The French Dispatch, digga den), to ekstra fridagar etter stemnehelg, ny sesong av Beat for beat, bruktbutikk med kule teakmøblar, kort tur ute i Kuneset park, tenne lys om kveldane, framleis fullt av haustfargar ute, The Great Britsh Bake Off, spele Nøtteknekkeren fire gongar i lag med orkesteret på tampen av månaden, og heilt på tampen av november pynte juletreet på jobb og juletrepynting og middag hos eit venepar.
Desember: traske heim frå jobb, ta toget til Egersund og julebyen i lag med broremann, mannen min og ei god veninne, bokklubbmøte over nettet, den tradisjonelle julekakebakedagen med broren min, lese årets siste Christie-bok, ny sesong av Eides språksjov, juletapas og pakkeleiken med dei på jobb, lese mange herlege julebøker, spele julemusikk på trombonen for badegjestane våre (før me måtte stenge hallen for publikumsbading), Maskorama-finalen, gå Forusstrandaturen med vind og strålande sol, byrje på eit nytt strikkeprosjekt, lage heimelaga latte då eg fekk ei god veninne på besøk, Love Actually, nettkonsert med Adam Douglas, juletrepynting lille julaftan, feire jul med familien (og herlege Zalo), brettspel og quiz, sollyset i Hålandskogen fyrste juledag, taco og brettspel med eit venepar tredje juledag og ei roleg nyttårsfeiring berre han og eg.
Legg igjen ein fin tanke