16. jan. 2022

Dagar som har vore lange og litt tunge




Kan eg få seie at dette har vore ei lang veke?! Fem tidlege morgonar, to av dei så tidleg som halv fem. Energien har vore lik null, motivasjonen likeins. Å valse rundt i ein svømmehall utan å ha badegjestar der veke etter veke, det er ikkje slik det skal vere. Generelt har eg kjent meg litt utanfor. No opnar hallen litt igjen, så eg satsar på at kveldsvakta neste veke blir hakket betre. Gåturar heim frå jobb, strikking, sollys, kjekke TV-seriar og lesing har fått meg til å smile. Eg har foreløpig avbrote ei bok i år, men dei andre har eg kost meg med. Eit av lesemåla er å lese meir av asiatiske, latin-amerikanske og afrikanske forfattarar, ei slik bok i månaden, og eg har lese ut januarvalet. Meir om bøkene eg las i fjor og om lesemål for dette året kjem i eit eiga innlegg, no er det ei sundagsliste:

✦ fascinerande å lese brevvekslinga mellom Sara og Astrid over fleire år, dette er ei unik bok
✦ tur opp til Vålandstårnet, alt det brune lauvet i Vålandsparken og til slutt Mosvatnet
✦ Synne si årsoppsummering, ho set verkeleg ord på kjensler eg sjølv har hatt i 2021
✦ sollyset på Våland då eg traska heim frå jobb tysdagsettermiddag
✦ nydeleg blåfarge på ein vindaugskarm eg såg langs jobbvegen min
✦ kulaste fuglen Tico som syng med på "Hotel California"
✦ tenne lys i den fine lyshaldaren som heng i stovevindauget
✦ konsert med Stavanger symfoniorkester på NRK Nett-TV
✦ to blogginnlegg inne hos Niina, her og her, og eg berre nyt dei stemningsfulle bileta
✦ laurdagspizza og filmen animasjonsfilmen Whisper of the Heart
✦ byrje å sjå sesong to av Lykkeland
✦ sjekk ut denne kanonfine kjolen som Maria nyleg har sydd
✦ Agatha Raisin er ein herleg karakter i komikrim-serien med same namn
✦ Aune Design har så mykje fint og stilig tilbehør til strikking
✦ spele spel som "Exploding Kittens" i lag med broremann og mannen min
✦ mannen min som er ved mi side kvar dag, så takksam for at du er her ♥︎
✦ "Godt nytt år fra mørket" – kjenner meg igjen i det Ida skriv om å måtte kvile i starten av 2022
✦ har fint kaffiservise allereie, men likte blomemønsteret på dette serviset eg såg i ein bruktbutikk
✦ kjekt å sjå at mottakaren (les: mannen min) er nøgd med sin Vinterseilergenser
✦ to elefantfamiliar som blir kjente med kvarandre, elefantar er nokre fantastiske dyr!
✦ sundag med strikketøy, varmt pledd, kaffi og bok etter ein gåtur – treng slike dagar
✦ lese ut Usynlighetens historie som januarvalet i mitt lesemål

Legg igjen ein fin tanke