Snart er det grytidleg opp i motsetnad til heile juleferien og denne veka. Eg har hatt treige morgonar med bok og stearinlys, ein kaffikopp eller to. Motivasjonen er ikkje heilt til stades no når det er publikumsstengt på snart fjerde veka. Særskilt når ingen av oss veit kor lenge me må halde stengt. Men det har no stort sett vore bra vêr, eg har kost meg med bøkene (for ja, eg les som regel meir enn ei bok om gongen), ein kort og ein lengre tur og litt anna smått som lyser opp litt mørke januar:
✦ morgonstund med lesing og stearinlys
✦ endeleg nye episodar av All Creatures Great and Small på NRK Nett-TV :)
✦ mannen min som kom med middag til meg då eg var aleine på jobb måndagskveld
✦ ååå, denne minipusen som har fått ein heim er superduper søt!
✦ sollyset mellom trea då eg sykla heim frå enda kveldsvakt onsdag
✦ no er all julepynten nede, men eg lot den fine glaspynten i kjøkkenvindauget hengje litt ekstra
✦ spele litt "Takenoko"
✦ kose meg med å sjå Notting Hill for ørtande gong
✦ møte ein nysgjerrig pus – lurer på kva pusen såg inne i buskane
✦ debutromanen til Rijneveld vann Bookerprisen i 2020, og det er ingen tvil om at den er rå
✦ har lyst til å besøke Blaafarveværket i løpet av året
✦ gå Mjughaugturen i lag med broremann og mannen min, kjekt å starte ute ved kysten
✦ stikke innom Sunde gårdsutsalg etter å ha gått Mjughaugturen
✦ laurdagstaco og kjekk film
✦ fordi me treng noko å le av: her er ti herlege augneblink frå fantastiske Whose Line is it Anyway?
✦ ut for å kjenne sola varme håret og andletet då eg hadde fri torsdag
✦ og i same slengen gå dei få minutta bort til Mosvatnet og fuglelivet der
✦ skulle ønskje det var fleire episodar av Endeavour, men det var no ein bra sesongfinale
✦ og apropos finale: The Good Place-finalen synest eg var veldig bra
✦ strikke vidare på kjoletunikaen
✦ lese den herlege What If It's Us? (og snart kjem oppfølgjaren Here's To Us)
Legg igjen ein fin tanke