2. juli 2021

Ikkje stygge andungar, men derimot søte svaneungar


Ser desse finingane nesten kvar gong for tida når eg syklar om Mosvatnet. Når dei kryssar sykkel- og gangstien, då vraltar dei liksom av garde og er ekstra søte og sjarmerande. Såg dei seinast i dag då eg sykla heim frå jobb, alle saman på rekkje og rad. Og når dei så har funne seg til rette i kløverenga, ligg dei berre der og koser seg. Slappar av. Akkurat slik eg skal gjere i helga. No om sommaren, jobbar me alle saman måndag til fredag, noko som er uvant når me pleier å jobbe på skift og ha fire dagar fri innimellom. Men – berre tre veker igjen og så er det ferie!

Legg igjen ein fin tanke