16. juli 2021

Varm glede i ein kopp



Av og til treng ein noko som lyser opp ein grå og kjip dag. Treng ikkje å vere noko stort, det er ikkje det viktigaste. Her om dagen fann eg fram den knallfine bokkoppen frå Rifle Paper Co (som eg kjøpte hos Fredag), han laga kakao til oss og me toppa den med små marshmallows. Humøret steig eit par hakk. Og når ein drikk av ein ekte bokkopp, må ein jo ha ei bok å lese i, tihi. 

 


Slike pelsdottar får meg også til å smile. Altså, dei berre ligg der og er søte og sjarmerande. Oppe ved jernaldergarden får dei gå på eit større område, og det er koseleg å ta ein tur bort for å helse på dei i ny og ne. Kvardagsgleder, slike augneblink eg tar vare på. Herleg å sitje ute på balkongen med ei bok i fanget i dag etter jobb. Kormusikk frå Hovedscenen på full guffe, helgekjensla er på veg.

Legg igjen ein fin tanke