11. juli 2021

Miss Marple lyser alltid opp ein grå dag






"Frøken Marple er en hvithåret, gammel dame med et mildt, forsagt vesen - frøken Wetherby en blanding av eddik og fossende vann. Frøken Marple er absolutt den farligste av de to." (s. 13). Miss Marple, altså. Ho er rett og slett ein så herleg fiktiv karakter, eg sit og drar på smilebandet når ho kjem inn i historia. Dagane denne veka har gått både opp og ned; utan å utlevere altfor mykje, kan eg skrive at det er ikkje lett å jobbe alle skifta i lag og at på eit eller anna vis blir det ein del snakk og usemje oss i mellom. Restriksjonane hjelper oss heller ikkje, særskilt ikkje når badegjestane blir frustrerte og tar det ut over oss. Som eg skreiv sist veke, er det heldigvis ikkje lenge igjen til ferie. Eg har fått lese mykje denne veka og vore i lag med herlege personar, slappa av med strikking og klassisk musikk, knallbra sundagstur, med andre ord har det også vore fleire lyspunkt. Korleis har du hatt det denne veka? Byrjar tidleg i morgon og er allereie litt seint ute med vekas lille liste:

✦ koser meg alltid når eg kan starte dagen med kaffe og ei Agatha Christie-bok
✦ ligg så mange god krimseriar ute på NRK Nett-TV
✦ supergøy at det kjem ein andre sesong av kulaste Good Omens
✦ laurdagspizza, mykje prat og veldig mykje latter då me hadde besøk av eit venepar
✦ og gurimalla, spelet "Ryktet går" er berre så morosamt, me lo oss nesten skakk i går kveld
✦ litt av ein redningsaksjon på Forsand for å få tak i ein bitteliten kattunge
✦ for ein herleg tur ute ved Sunde i dag, akkurat passe temperatur og det var ei fin ro i lufta
✦ sitje ute og lese på balkongen etter å ha gått tur tidlegare i dag
✦ gratinert blomkål og brokkoli som tilbehør til ein av middagane denne veka
✦ le høgt av Huskestue og Taskmaster, to program som alltid slår an
✦ to søte, små røyskattar som litt etter litt kjem tilbake til naturen der dei høyrer heime
✦ Khaled Hosseinis En bønn fra havet med nydelege illustrasjonar av Dan Williams
✦ lesepause med noko godt attåt på ein kaffibar etter jobb
✦ ete pannekaker og sidan spele "Dominion" (sjølv om det ikkje gjekk så bra for min del)
✦ "Top 10 Funniest Musicals" – her finn me blant anna The Producers og The Book of Mormon
✦ klisjéaktig bok av Sparks, men eg blei no likevel rørt av Jamie og Landons kjærleikshistorie
✦ Great Canal Journeys er framleis ein av dei koselegaste seriane eg følg med på 
✦ rørande slutt på miniserien Oss to (Us), artig at eg las boka på interrail for dryge fire år sidan
✦ fortsetje å høyre på musikken frå In the Heights, det albumet er veldig, veldig fengjande!
✦ prøve å sjå oss ut fleire ting å gjere i ferien
✦ kjøpe garn til ein genser som eg trur kan bli råflott

Legg igjen ein fin tanke