21. juli 2021

Skeieturen





Kvardagsturane som me har her i byen, eg er så glad i dei! I mine auge er dette ein enkel måte å utforske store delar av byen på: det finst korte og lange turar, turar i enkelt terreng og turar i meir ulendt terreng. På laurdag køyrde me gjennom Hundvågtunnelen, parkerte ved Hundvåghallen og byrja å traske langs den 8,2 kilometer lange Skeieturen. I Eventyrskogen var det eit tre med stilig stamme, blomar overalt og me møtte ein svanefamilie då me etter kvart kom oss ned til sjøen.

 




Blåklokker på eit svaberg. Roa ute ved havet. Akkurat slik me også opplevde då me gjekk Sundeturen. Det er kjekt å traske i bykjernen, i nye bustadsområde og industriområdet Forus, men det er ingen tvil om at som gir mest energi og ro i sjela etter ein travel jobbveke, er stiar som tar oss med til eit vatn, inn i ein skog eller langs kysten. Fekk auge på eit bittelite skjel blant alle steinane. Spiralmønsteret stakk seg veldig ut, og karane gjekk i forvegen medan eg titta litt ekstra på funnet.




Hundekjeks høgt i sky såg me fleire plassar. Og så måtte broremann og eg prøve den lille linebana som me kom over på ein leikeplass. Ha, ha, såg sikkert litt rart ut, men artig var det lell! Heddas gård, den lille kaféen med gardsutsal som eit venepar av oss driv, ligg rett ved turtstien. Me nærma oss slutten og nytta så klart moglegheita til å stikke innom for ein kopp kaffi, knallgod kanelknute, litt drøs og mykje hygge. Rett og slett ei perfekt avslutning på nok ein flott tur.

Legg igjen ein fin tanke