26. juli 2021

Sundagsliste ein dag på etterskot







Sundagslista kjem seint, ein dag på etterskot. Det er ferie og eg stressar ikkje med å vere pålogga nettet og poste innlegg her på bloggen. Ferie er ferie, ferdig snakka! På fredag reiste me midt på dagen på fredag, og me har fått sett og opplevd så mykje fint. Biltur i Noreg er ganske bra, i alle fall når vêret klaffar og ein ikkje stressar frå det eine til det andre. Jobbdagane førre veke var heilt greie, men det er ingen løyndom at ferien var etterlengta. Kva elles skjedde førre veke? Kan ikkje hugse at det skjedde noko særskilt, så eg ser at denne sundagslista nesten blir ei rein feriegledeliste, tihi. Heldigvis mykje igjen av ferien. Akkurat no er det ferie på Sunnmøre. Og nokre høgdepunkt:

✦ likte godt den nyaste boka til Kristin Harmel, nemleg Boka med glemte navn
✦ fyrste dose med vaksine tok eg to dagar før me drog – hurra!
✦ is og lesing ute på balkongen etter vaksinen
✦ stas å gå ein liten tur opp til Nigardsbreen i går i nydeleg vêr
✦ lesestund ute om kveldane både ved Brekkestranda og ved Nes Gard
✦ ein husky som blir ven med fleire, skjønne kattungar
✦ gyllen morgonsol på veg til jobb ein av dagane
✦ og kveldssola ved fjorden då me overnatta på Brekkestranda Fjordhotel frå fredag til laurdag
✦ herleg å bade i Lustrafjorden
✦ sjølv om eg ikkje kjøpte mange bøker, var det gøy å stikke innom Den norske bokbyen i Fjærland
✦ altså, skjå kor innmari søt denne lille kvalpen er!
✦ ein av dei faste badegjestane som skrytte av spelelista me hadde på høgtalarane den dagen
✦ alltid like flott å køyre over fjellovergangar i vårt lille land
✦ ha med strikketøyet på ferie og verkeleg komme i gong med ein ny genser
✦ blir aldri lei av å høyre "Vidda" når me køyrer langs den ville, norske naturen
✦ historisk og gammal stil på Nes Gard, her kjem me gjerne tilbake
✦ ete og prate med eit venepar ein times tid i Skjolden i går
✦ at me – om ikkje anna – har hatt heilt strålande vêr desse fyrste dagane av ferien vår
✦ stilig med norsk OL-gull i triatlon
✦ lese ut klassikaren Reise i måneskinn som nyleg er omsett til norsk (kom ut på ungarsk i 1937)
✦ eventyrleg overnatting i ei slags hobbithytte ved Sjodalen hyttetun og camping
✦ sjå hare og ekorn då me overnatta i nemnde hytte

Legg igjen ein fin tanke