9. juli 2021

Hjartet smeltar





No byrjar sikkert dei små svanene ved Mosvatnet å bli ein del større, men det er berre eit par veker sidan dei såg slik ut. Tenkte me kunne starte helga med desse søtnosane, eg blir i alle fall glad og varm om hjartet når eg ser på desse bileta. Klarte å fange ein augneblink der den eine lille ser ut som om den roper noko morosamt til dei andre. Og så heile familien på lang, lang rekkje før dei la seg til rette i kløverenga. Altså, er dei ikkje utruleg søte?!  Takksam for slike syn i nabolaget.

Legg igjen ein fin tanke