4. juli 2021

Narnia, Green Gables, fine dyr og ein rar skiftplan







Annankvar dag morgon- og kveldsvakt, det er ikkje heilt min stil. Ein får liksom ikkje ein ordentleg døgnrytme når skiftet er slik, men eg får gjere det beste ut av det, til dømes har eg fri kvar helg no i sommar. Nok om jobb, det har vore ein god del anna fint innimellom eit par lange dagar i svømmehallen. På to hjul i finvêret kvar dag, herleg gåtur i går, møte fine dyr, alltid gode bøker, kaffi, sommarferieplanlegging og generelt sommarstemning. Siste junidagane og dei fyrste i juli:

✦ boka Jente, kvinne, annet av Bernardine Evaristo er ei bra og knalltøff bok
✦ stilig å sjå Jonnas prosess med det å bygge ein slags campingbil
✦ badegjest som meinte eg var ein reddande engel den eine dagen
✦ Anne har fått ei ramme og står no i hylla saman med tre andre fine Canada-minne
✦ balkonglesing, anten før eller etter jobb
✦ høyre på songane frå musikalen In the Heights
✦ grøftekantsbukett i knallsterke fargar
✦ 10 norske, magiske augneblink frå sommar-OL, flotte minne og som vanleg blir eg rørt ;)
✦ ta i bruk den nye, heimestrikka T-skjorta
✦ Oslo Mikrospinneri delte det eine biletet av min Collett Tee på Instagram
✦ "Glam og glitter til folket" – heia mangfald og det å vere seg sjølv
✦ trur Reisen til det ytterste hav er ei av dei beste bøkene i Narnia-serien
✦ Prins Caspian i tre forskjellige versjonar
✦ laurdagstaco og le av forviklingskomedien A Funny Thing Happened on the Way to the Forum
✦ altså, den svanefamilien – eg har endå fleire bilete som eg ikkje har delt her inne enno
✦ ein litt annleis og nydeleg junibukett inne hos Et katteliv
✦ ha med meg kjekke vikarar då det berre var meg som fast tilsett på jobb måndagsmorgon
✦ tinge leigebil og byrje å sjå oss ut overnattingsplassar og (turist)attraksjonar
✦ håper på å besøke Røros i ferien, og då er Kunstnernes rike eit av stoppa
✦ lille, skjønne Coco, støvsugaren var visst litt skummel
✦ kul gris ved Gausel fritidsgård som me gjekk forbi på laurdagsturen vår i går
✦ kveldssola som laga skuggespel på ein husvegg

Legg igjen ein fin tanke