14. jul. 2021

Sundeturen





Nesten litt for varmt å sitje ute på balkongen i dag. Utan vindkast blir det gloheitt der ute, men det var herleg å sitje der med ei bok i fanget etter middag. Temperaturen var ikkje så høg på sundag, derimot var den heilt passe til ein sundagstur. Saman med broren min, køyrde me ut til ei parkering ved Hålandsvatnet. Der fann me ein tydeleg raud T som merkar Sundeturen. Det som er så kjekt med desse kvardagsturane, er at me får gått så mange forskjellige typar terreng: rundt små vatn, større vatn, bustadsområde, industriområde, skog og mark. Stor, bustete og avslappa katt, ein robåt, ei grein som har vakse seg inn i ei anna trestamme og den finaste sommarfuglen.

 




Fargerike blomar overalt i den eine hagen som me passerte. Steingardar og flotte grusstiar mange av plassane, og me traska roleg og prata ein del. Me var nesten heilt borte ved Hafrsfjordbrua, brua som skil kommunane Stavanger og Sola. Den eine heimkommunen min no, den andre barndomskommunen. Så stille det var nede ved sjøen, berre bølgeskvulp og måkeskrik.

 




Trass ypperleg sundagsturvêr, var det ganske få som var ute og gjekk. Eller jogga, for den saks skuld. Det er tydeleg at det er sommarferie. Men me naut sommarblomane og stilla for oss sjølve. Stokkavatnet og ein snau av Hålandsvatnet, dei låg der, nesten heilt blikkstille. Fleire av åkrane var fulle av bygg, eller som musikaren Kjell Inge Torgersen ville ha sagt: "me går blant aks av gull". 

Legg igjen ein fin tanke