Har du nokon gong kjent på den kjensla av nostalgi når det gjeld barndommens somrar? Kor lange dei kvart år var, bekymringslause, frie, fulle av lek og moro. Å kunne vere oppe mykje lengre enn vanleg. Sommarkveld. Eg hugsar me hadde to CD-ar (eller var det kassettar?!) som heitte Pepinos perler, og på den eine av dei kunne me høyre Anita Skorgan syngje om "Sommeren jeg fylte fem":
Tenk om jeg kunne dratilbake til mitt barndomsparadis.Til bondegården under trærneder furukongler ble til hest og gris.
Som med mange av songane frå min barne- og ungdomstid, pugga eg teksten, likevel er det vel fyrst seinare at eg har skjønt – og kjent – på den nostalgiske kjensla bak desse orda. Av og til når denne songen dukkar opp på spelelista mi på Spotify, kjenner eg det kjem ei tåre og to i augekroken.
Vi fant en eplekasse som ble disk
og lekte handelsmann i det små.
Og kjøpte filledukke uten armer
for åtte glansbilder med glitter på.Tornerose sovnetog Askeladden var min bestevenn.Den gang Snøhvit giftet seg med prinsenog de sju små dverger satt forlatt igjen
Kanskje leika me ikkje handelsmann og betalte med glansbilete, men det å leike ute, drøyme oss vekk og late som om me var nokon andre, det trur eg me alle har gjort ein eller annan gong.
Så mye er forandret siden den gangjeg trådte mine barnesko.Da sølekringler koset fire steiner,en bolle kostet bare to.
Jeg ville drømme om den vakre prinsen
når jeg gikk til sengs og det ble kveld
Jeg prøvde med en ert under dyner,
men var ingen prinsesse likevel.
Legg igjen ein fin tanke