8. juni 2020

God sundagsmiddag på ein fin restaurant 🍽

Lenge sidan førre gong me var ute og åt ein betre middag. Mykje har jo vore stengt, men fleire og fleire plassar er no opne. Kvart år prøver me å komme oss til Kronen Gaard omtrent på denne tida. For det var der me hadde bryllaupsfesten vår, og me feirar bryllaupsdagane våre med ein god middag kvar vår eller tidleg sommar i restauranten. Kronen Gaard er ein del av De Historiske, og interiøret og stilen er fint og klassisk. Me fekk bord ved eit vindauge og kunne sjå rett ut på den vakre og grøne bjørka, den bjørka der me stod ute med forlovarane våre for dryge fem år sidan.


Bjørka farga håret mitt gjennom vindauget, så eg ser litt grøn ut på den eine sida. Tihi! Me valde kvar vår middagsrett, og til dessert hadde eg sjokoladefondant og han vaniljeparfait. Alt smakte heilt fortreffeleg! I glaset hadde me kjempegod bringebærsaft frå Safteriet, og eg synest det er stas og veldig bra at dei bruker mange lokale råvarer. Koseleg date på ein av våre favorittplassar!

Legg igjen ein fin tanke