14. apr. 2021

Sjølvaste krimdronninga og ein Bookerprisvinnar


Agatha Christie sine bøker – eg storkoser meg med kvar og ei bok eg les som ho har skrive. Mord er ingen sak er den Christie-boka eg har lese no i april når temaet er ei historie med handling før andre verdskrig. Fleire av Christie-bøkene har eg lese før eller sett på TV, og dimed hugsar eg kven mordaren er. Det gjorde eg denne gongen, for i TV-serien om miss Marple (den nye, ikkje TV-filmane frå 80-talet) er Mord er ingen sak ein av episodane sjølv om Marple ikkje er med i boka. Motivet var no ikkje heilt det same, og uansett er det alltid spennande å sjå korleis det heile blir nøsta opp litt etter litt. Å vere med i #readchristie2021 er ei sann glede kvar månad!



"Leek sluttet å pakke. Han satte seg ned på ett kne slik at han så opp på Shuggie. Leppene beveget seg lydløst, nesten Som om han ikke visste hvor han skulle begynne. «Ikke gjør samme feilen som meg. Hu kommer aldri til å bli bedre. Når tida er inne, må du dra. Den eneste du kan redde, er deg sjøl.»" (s. 377). Skotsk-amerikanaren Douglas Stuart har skrive Shuggie Bain, ein roman som treff hardt, som er sår, vakker, tøff, innimellom optimistisk og alt på ein gong. Boka handlar om Shuggie som veks opp i Glasgow på åtti-talet der arbeidsløysa er høg. Faren stikk av, mora slit med alkoholmisbruk og dei to eldre søskena ser han mindre og mindre. Sjølv slit Shuggie med å finne seg til rette, han vil så gjerne at mora han er så glad i skal bli betre, at kvardagen skal bli mjukare. Her om dagen fekk eg høyre Stuart prate om boka i eit nettarrangement i regi av Litteraturhuset i Bergen, noko som var både stas og interessant. Ein oppvekstroman der orda kjem til å sitje i lenge, og eg skjønner godt kvifor Stuart vann Bookerprisen i fjor for denne romanen.

Legg igjen ein fin tanke