5. apr. 2021

Hyttehygge og bursdagsfeiring


Hipp, hipp hurra for meg som har bursdag i dag! Tihi ;) Vakna til snø og ruskevêr, noko eg ikkje syntest var så veldig gøy. Blir dimed ingen tur eller aktivitetar ute i dag, men eg koser meg inne med bok og påskekrim på skjermen, eg har fått ei lita gåve og kort frå mannen min og det luktar kake i heimen. Det er siste påskedag, i morgon er det tilbake til jobb. Påska har som nemnt vore innmari fin med lesing foran peisen, sjokolade og kaffi medan me høyrde på "Påskelabyrinten". 

 

Tåke over vatnet og fjelltoppane var det fleire av dagane, men me fekk også eit par dagar med sol som skein rett inn i stova. Laga skuggespel på gardinene. Om kveldane spelte me blant anna "Cluedo", og gurimalla, me fekk sånn ordentleg latterkrampe under ein runde med "Kokelimonke". Små og store stearinlys var tende, mange påskegule og to som var forma som egg. Stilig!

 

På fredag feira me dagen min litt på forskot med koseleg kort og gåver, påskegule tulipanar, påskeegg og ein pavlova med gul frukt. Gult er jo nemleg litt ekstra kult i påska ;) Hygge og avslapping på hytta, fred og ro frå kvardagens kjas og mas, ein riktig koseleg påskeferie!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Fine du, gratulerer så mye med dagen på etterskudd ♥ Det ser ut som både bursdagen og påsken deres var kjempefin. Digger påskeegget ditt med katt på, og den kaka der altså.... den fikk jeg ordentlig lyst på ;)

Silje sa...

Kaka var veldig god, og det påskeegget er kjempenusseleg ;) Tusen takk for helsing på etterskot, finaste deg ♥

Legg igjen ein fin tanke