7. apr. 2021

To ypperlege påskekrimbøker



Krimbøker les eg fleire av gjennom året, men det blir alltid litt ekstra fokus på denne sjangeren i påska. Nyleg har eg lese ut Romy Haumanns debutroman Elskede barn og Harbour Street, den sjette boka i Vera-serien av Ann Cleeves. Begge bøkene var gode der den fyrste var psykologisk nervepirrande og skrivemåten minna meg innimellom om boka Room av Emma Donoghue. Vera-boka var meir typisk britisk krim med mord ute på landsbygda, noko som passa meg ypperleg, for det er lite som slår den britiske krimmen (og det uavhengig om det er på skjermen eller på papiret). Håper på fleire bøker frå Hausmann etter kvart og så har eg heldigvis fleire bøker av Cleeves å ta av i den alltid store lesehaugen min. Med andre ord: her er det berre til å setje i gong med lesinga!

Legg igjen ein fin tanke