23. apr. 2021

Stokkaturen



















Stokkaturen var turmålet vårt då vêret var på sitt aller beste på sundag. Sjølv om me innimellom har traska nokre av stiane og vegane tidlegare, er dei 52 kvardagsturane i kommunen ein ypperleg sjanse til å utforske nye område, noko me også gjorde denne gongen. Store og små ender svømte rundt i Stokkavatnet, mørkerosa blomar i eit bed, stjerne på eit (jule)tre og gåsungar på greinene. Å, det er så godt å sjå alt som spirer og gror ute no, tenk at det snødde for berre to veker sidan. 

 

Kvitveis ute i skogen og påskeliljer langs grøftekanten, det er rett og slett så mykje å sjå rundt oss viss me berre stoppar opp, tar oss tid til å sjå. Ein sommarfugl dukka opp rett foran auga mine, berre sjå kor fin den var! "Jeg velger meg april", skreiv Bjørnson ein gong. Eg skjønner kvifor. 

 



Og så blomane på trea, det må jo vere noko av det aller vakraste med denne årstida. Me traska langs (for oss) nye gater, rundt to forskjellige fotballstadion og rundt ein del av Stokkavatnet. Ved vatnet fann me ein kjempefin plass på steinar som var varma opp av sola, og der tok me ein rast. Godt selskap, solskin og termoskaffi i ein emaljekopp med Mummimotiv. Sundagsturlykke.

Legg igjen ein fin tanke