12. apr. 2021

Jørpelandsholmen i påska og Vannassen i går




Sauane ute på Jørpelandsholmen er like raggete og kule år etter år. Det var framleis litt tidleg å sjå etter lam då me gjekk der på langfredag, men dei store låg der og var stilige. Tok ikkje så mange bilete der ute, det viktigaste var å komme oss ut og bevege på oss etter fleire dagar med gråvêr og inneaktivitetar. Knipsa denne skumle figuren før me traska til bilen og kom oss tilbake til hytta.

 


Ingen langtur på oss i går sjølv om sola skein. Eg kom meg no i alle fall ut til Vannassen. Himmelen var blå, sola lyste slik at det visne lauvet blei gyllent og svanene laga show der dei jaga etter kvarandre. Om dei ikkje er grasiøse i lufta, er dei ganske så grasiøse når dei landar ;) Fint å sykle til jobben i dag tidleg, med andre ord ein bra start på veka sjølv om eg måtte opp halv seks.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Synne sa...

Så fine raggesauer og svaner! Det slår meg nå at det er veldig lenge siden jeg har sett andre dyr enn hunder, katter og duer i bybildet, haha. Gleder meg til det blir lettere å oppsøke mer variasjon!
Jeg blir forresten alltid litt fascinert av trær som beholder bladene sine gjennom hele vinteren. Det virker litt tilfeldig når og hvor det skjer, men plutselig kan man snuble over et helt tre med sprø gullblader i stedet for bare greiner... Så fint!
Ha en fin dag, Silje! Håper resten av uka også blir bra!

Silje sa...

Meir variasjon, ja, takk! Kjenner eg òg gleder meg til det blir lettare å kunne gå rundt meir som vanleg, besøke venar, gå på teater og konsertar. Sukk, me skal klare å halde ut endå litt til. Slike tre er alltid like fine, og dei blir på ein måte som gull når sola skin på dei! :) Ha ei flott veke du også, Synne! :)

Legg igjen ein fin tanke