9. apr. 2021

Rett ved hytta og hygge i solveggen




Er det no eg skal syngje "det snør, det snør, tiddelibom"?! For det gjer det faktisk! Og eg som trudde det var vår. Heldigvis hadde eg fri i dag og har kost meg inne med lesing, Mord i paradis og strikking. Då me drog opp til hytta for akkurat to veker sidan, var det ikkje snø, men det var tåke og regn. Om ikkje anna var det koseleg med eit lite besøk rett utanfor hytta – det er nemleg ikkje ofte me ser ender så høgt oppe på fjellet. Ein av dagane var eg ute og traska ein liten tur. Regndropar store som klinkekuler og tjukk, grøn mose på greinene. Lukta ute når det nettopp har regna.





Sola titta no fram i løpet av påskeveka, og særskilt påskeaftan. Me sat ute i solveggen og las i kvar vår bok. Drakk kaffi frå ein finfin hyttekopp ("Livet er best på hytta") og såg ein brennande solnedgang bak hytta. På terrassen såg eg plutseleg ein liten, lilla stemorsblome full av bittesmå regndropar, slike små gleder er alltid like velkomne. Nokon spelte kort og slappa av, akkurat slik ein gjer når det er påskeferie. Som dei fleste helgene no for tida, har me få planar for dei to neste dagane. Satsar på å gå ein tur, sjå ein god film og lese i eit par bøker. Lag deg ei bra helg!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så koselige og stemningsfulle bilder av påske på sitt aller beste - ro, natur, brettspill, lese bok, koselig samvær og magisk himmel ♥

Silje sa...

Rett og slett herleg å vere på hytta i ro og mak, kjenne at ein har fri, ikkje måtte rekke noko, berre hygge og fine folk ♥ For det var akkurat det me trong den veka.

Legg igjen ein fin tanke