11. apr. 2021

Flotte blomar, bursdagskake, aprilsnø og fleire fridagar





Bursdag på måndag, berre to dagar på jobb og resten av veka fri. Ganske kort oppsummert, men eg ønskjer jo å skrive litt meir. Også me fekk snø denne veka, noko i alle fall eg ikkje var så glad for. All snø er borte no og eg håper verkeleg at me ikkje får meir før det nærmar seg jul. Bursdagen blei feira veldig roleg, dagane på jobb var heilt greie og elles har det blitt mykje lesing og strikking, akkurat slik eg skreiv på fredag. På torsdag var eg ute på Wiig gartneri saman med eit venepar. Gjorde godt å vere litt sosial, for det er neimen meg ikkje mange me treff for tida. Ein ordentleg sundagstur blei det ikkje denne gongen, men eg var ute rundt Vannassen ein liten tur for å kjenne sola varme. I morgon er det morgonskiftet, og det blir difor ikkje særskilt seint før me legg oss i kveld. Som vanleg har eg fleire fine saker å dele i ei sundagsliste, dette har gleda meg denne veka:

✦ bursdagskake og mange kjekke bursdagshelsingar
✦ Superstore-finalen, ei fin og verdig avslutning på denne herlege serien
✦ "The sound effects teachers make" – ha, ha, her var det mange artige og gjenkjennbare lydar
✦ fascinerande å lese En flyktig frihet om Joannas oppleving av å gå Santiago de Compostela
✦ bruke fridagane mine på å lese i kjekke bøker og strikking
✦ få god hjelp til å fikse den toppen som eg held på å strikke, for den blei altfor lang
✦ digitalt intervju av forfattaren Douglas Stuart i regi av Litteraturhuset i Bergen
✦ Kompani Lauritzen er laurdagens høgdepunkt
✦ liten cappucino og to makronar ute på gartneriet i lag med fine folk
✦ musikalen Kristina frå Duvemåla ute på Bømlo – trur eg må tinge billettar med ein gong
✦ og når me snakkar om musikalar: tenk at den besteste Rent er 25 år i år!
✦ mannen min som fiksa heimelaga pasta carbonara på bursdagen min
✦ Loulou og Coco er venar med alle moglege dyr, dei er så søte
✦ svaneshow på Vannassen i dag
✦ påskeinnlegget til Synne, her var det mykje koseleg
 When All Is Said om fem skåler, fem personar, eitt liv – ei sakte og nydeleg bok
✦ Ingunn sin post på Instagram om det å prioritere seg sjølv
✦ å verkeleg kose meg med Mord i paradis og Michael Palins mimreserie (Sahara-episoden)
✦ stilig celloversjon av "Heaven on Their Minds" frå kulaste Jesus Christ Superstar
✦ alle dei fargerike blomane ute på Wiig Gartneri, eit par av dei likna nattehimmelen
✦ tihi, denne lille flodhesten er veldig glad i å bade
✦ spele "Takenoko" på bursdagen min, eller panda-spelet som me berre kallar det ;)

Legg igjen ein fin tanke