1. jan. 2021

Finfin kveld på tampen av eit rart år


2021, velkommen skal du vere! Denne fredagen, årets aller fyrste dag, har vore roleg med sein frukost, god kaffi, bok og strikking, ei nyttårsdag heilt etter min smak. Me avslutta fjoråret med eit lite midddagsselskap i lag med tre venar og broren min, og med ein ekstra klaff i bordet gjekk det greitt å halde ein viss avstand. Kan ikkje skryte på meg at eg pynta bordet i ein stor grad, men søte serviattar, fine glas og englespelet fann eg i alle fall fram. Ute i gangen stod me klare med ein velkomstdrink og antibac, må nesten le litt av det heile. Som vanleg måtte mannen min stille opp som fotograf sidan eg ville ta bilete av nyttårsantrekket ;) Kjolen er litt meir grøn enn på bileta, men å ta bilete om hausten og vinteren er ikkje berre berre. Cardiganen fekk eg til jul av mamma, heimestrikka etter denne oppskrifta. Eg skal ta bilete av den seinare i dagslyset, for den er nydeleg.

 
Stakk ut for å sjå fellesfyrverkeriet på passe avstand då klokka nærma seg midnatt. Alltid så mange fine og sterke fargar mot den elles mørke himmelen. Rart å ikkje klemme kvarandre då klokka slo tolv, men me ropte no "takk for det gamle, og godt nyttår" og hadde det ganske fint likevel. 

 


Før fyrverkeriet, åt me ei god bigggryte til middag som han der fine hadde laga. Eg hadde laga dronning Maud-pudding til dessert, og begge delar fall i smak. Sjølv om det ikkje var ei normal nyttårsfeiring, var det ikkje langt unna, og det var himla fint å treffe venane våre igjen, venar me ikkje har sett på eitt år! Me spelte "Bezzerwizzer" før fyrverkeriet, og fortsette med det spelet og "lapp-i-skål" – eit ordforklarings- og mimespel – då me kom tilbake igjen. Veit ikkje heilt når me sa "ha det" til gjestane våre, men det betyr vel eigentleg berre at tida fauk av garde i lag med dei beste folka. Så, tusen takk for ein kjempebra kveld i eit år som har vore lik ein berg-og-dal-bane!

Legg igjen ein fin tanke