6. jan. 2021

Kristianlystturen




Eller Kristianslystturen, alt etter om ein les på nettsida til kommunen eller om ein les på T-skilta når ein er ute og går sjølve turen. Uansett. På sundag, den tredje dagen av 2021, var me ute og gjekk ein god mil. Sukk, å få starte året slik. For det var verkeleg kjempefint ute. Temperaturen var under null, men det var tørt på bakken og sola varma i andleta våre. Rimet på bakken låg tjukt, og ein kunne sjå krystallane som små piggar. Og sollyset i skogen, gyllent og varmt. Vinterlyset.



Sola skein heile vegen, langs bustadsområde, ute ved Gandsfjorden og langs lille Vannassen. Det var mannen min, broremann og eg som var ute og gjekk, og med oss på turen hadde me kaffi på ein termos og te på ein annan. Ved Gandsfjorden sette me oss ned for ein liten rast, berre naut sola som varma og den fine utsikta. Ei hegre stod stille, så stille, på ein stein ute i vatnet. Takk for turen, folkens! Heilt herleg å få sjå januar frå si beste side, for akkurat no er det litt tungt med alle restriksjonane. Svømmehallen er stengd for publikumsbading, så det er ikkje akkurat den starten eg såg for meg for årets fyrste månad. Men, men, det blir verre før det blir betre.

Legg igjen ein fin tanke