#2020bestnine
Fire Agatha Christie-bøker og seks kaffikoppar, det er liten tvil om kva bilete som har blitt mest likt på Instagram i løpet av 2020. Nydeleg illustrasjon av Lisa Aisato i boka Livet, egostrikk x2 (ein genser strikka sjølv og ein kjøpt brukt), telefonkiosk som no er blitt bokbu og bunaden min. Andre kjekke saker som ikkje er med på desse bileta: mange, flotte gåturar, biltur i Noreg, Flor og Fjære, Chess på Folketeateret og jula heime. Trur ikkje eg vil seie så mykje meir om 2020, for me veit alle at det innimellom har vore tunge og grå dagar, eg satsar på at 2021 blir eit betre og mjukare år.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Kjempefine og stemningsfulle bilder Silje ;) De har sikkert bidratt til små hjertesmil for andre gjennom dette tunge året. I allefall meg ♥ Og det var veldig godt sagt at du håper på at 2021 skal bli et "mykere" år. Et mykere år, det ønsker jeg meg også ;)
Synest liksom at mjukare er adjektivet som passar for det eg ønskjer meg i år ♥ Så får me sjå, foreløpig skjønner eg ikkje heilt at me er i gong med eit nytt år. Men tusen takk for din fine kommentar, kjære Ida – du er rett og slett god, du ♥
Legg igjen ein fin tanke