29. jan. 2021

Moro med brettspel



Sjølv om det er fredag, er det ikkje kakao i koppen i dag, tihi. Men to helger på rad no har me kost oss med brettspel og kjempegod kakao i lag med broremann. Eg gleder meg veldig til me igjen kan vere sosiale med andre fine folk, spele brettspel eller lese høgt frå ei quizbok, le og berre ha det kjekt i lag. "Ticket to Ride" og "Dominion" er to av spela me har her heime, og det er desse me har spelt i det siste. Ein porsjon strategi og ein porsjon flaks i begge spela, noko som er ei god blanding på korleis eit kjekt brettspel skal vere. I mine auge i alle fall ;) Andre spel eg liker er kunnskapsspel, som "Bezzerwizzer", medan eg ler høgt når me tar fram spel som "Kortskalle", "Fantasi" eller "Alias". "Takenoko" må jo vere noko av det søtaste med ein panda som hovudfigur, og "UNO" er alltid ein klassikar. Kva liker du å spele, har du ein eller fleire favorittar? I går skein sola for full guffe, og eg traska til jobb med eit smil om munnen heile vegen. For sola gjer noko med humøret og energien. Tenkjer eg skal gå i dag også, for det fredag med sol og ein knallblå himmel.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Her er det ein omgang "Ticket to ride" kvar morgon, saman med kaffien (og ma'n). Takk for tips om andre spel. Cilla

Silje sa...

Høyrest superkoseleg ut! Brettspel er noko som alltid får fram latteren og smilet, kjekt å kunne tipse andre om gøyale spel :D

Legg igjen ein fin tanke