10. jan. 2021

Vinterbok og vintervêr



Kjenner eg er lei av å skrive "rare dagar", men det er det som skildrar denne veka best. Rart at det har vore så kaldt ute over fleire dagar (slik pleier det ikkje å vere i Stavanger), rart å skrive 2021 og rart å måtte stenge for publikum og "berre" gå rundt og gjere vedlikehaldsarbeid. Nok ein gong. Riv meg nesten litt i håret, for eg er frustrert og lei. Eg veit at eit nytt år ikkje fiksar alt, men eg hadde håpt på noko anna enn det me har fått til no. Me er fleire i same båt, og me skal komme oss gjennom dette også; eg må berre få ut nokre ord her innimellom, skrive frå meg det litt kjipe og rare. Sånn. Kaffi og bøker, humor på jobb og gode TV-seriar, sol og fantastisk vintervêr har lyst opp dagane mine. Ein serie eg verkeleg har kost meg med, er Med kjærlighet for kanaler (eller Great Canal Journeys), og den tar oss med på båttur i forskjellige kanalar samstundes som me får både eit sårt og eit varmt blikk på korleis det er å leve tett på demens. Anbefalast på det varmaste! Om ikkje anna har eg mange kjekke og fine punkt på sundagslista mi, den andre dette året:

✦ sykle til jobb med sola i andletet så å seie kvar dag
✦ skal prøve å lese meir noveller i år, og Vinternoveller er godt skrive av Ingrid H. Rishøi
✦ "Annerledes men likevel fint" – julestemning inne hos Et katteliv (og Mira er den aller søtaste)
✦ lun morgon med adventsstake og rim på vindauget
✦ vakre krystallar på kjøkkenruta
✦ er no hekta på Great Canal Journeys med Timothy West og Prunella Scales, for eit herleg par
✦ koser oss med å sjå den gamle Narnia-serien (må småhumre av effektane, hi, hi)
✦ lesestund med stearinlys etter ein sundag på jobb
✦ ha, ha, må le av desse to med musikken på full guffe i bilen – eg kjenner meg igjen
✦ artig å sjå julekuler fulle av rim
✦ strikke medan eg har sett på kjekke TV-seriar
✦ filmmusikk i vakre omgjevnadar: cellisten Hauser i Dubrovnik
✦ tidlegare i dag snødde det litt, og då eg skulle inn ytterdøra, såg eg dei søtaste, små potespora
✦ rimet på bakken som glitra så vakkert på veg heim frå jobben om kveldane
✦ denne katten, blir alltid like rørt
✦ all den rare humoren som eg har med min nærmaste kollega på jobben
✦ januarsola som skein rett inn i stova vår ein formiddag
✦ å, eg håper at me kanskje får sett musikalane Into the Woods og Mamma Mia i Oslo
✦ starte dagane med ein god frukost i lag med han der fine
✦ #readchristie2021 er i gong, og det var stas å følgje med Poirot i The Hollow

Legg igjen ein fin tanke