15. jan. 2021

Mitt bokår 2020 📚


Til no har eg lese ut sju bøker i 2021. Som eg skreiv i dette innlegget i fjor, er det ikkje viktig for meg kor mange bøker eg les, men heller det at eg koser meg når eg les, at bøkene eg les får meg til å slappe av eller lar meg reise til eit anna land eller ei anna verd. I 2020 las eg nesten 130 bøker, og eg har tatt med meg lesegleda inn i det nye året. Tenkte eg skulle gjere ei slags oppsummering slik eg har gjort dei siste åra. To år på rad har eg utfordra meg sjølv med å lese ein klassikar i månaden (2019) og ei bok skrive av ein kvinneleg Nobelprisvinnar i litteratur (2020). Eg har ei liknande utfordring i år, nemleg å lese ei novellesamling kvar månad. Og så blir det, nok ein gong, ei Agatha Christie-bok i månaden i samband med #readchristie2021. Eit generelt lesemål i år er å lese meir frå eiga bokhylle. Det kan vere både bøker eg har lese før og bøker eg enno ikkje har lese, og det gjeld bøker som fysisk står i hylla eller som eg har på lesebrettet mitt. Men no over til bokåret 2020. Emily of New Moon og Emily Climbs av L. M. Montgomery, Orientekspressen av Torbjørn Færøvik og Kunsten å følge hjerte av Jan-Philipp Sendker er fire bøker som har gjort det slik at eg har fått reise utan å forlate sofaen. Sukk, eg saknar Prince Edward Island, og tenk å kunne reise på ei lang togreise slik ein kunne gjere med Orientekspressen. Den norske kaffesjela av Egon Holstad er ei anna bok eg har reist med, for då eg las den, var det ei herleg reise i kaffiens verd. 



Tritonus
av Kjell Westö, Over horisonten av Jojo Moyes og Frøken Island av 
Audur Ava Ólafsdóttir er alle bøker der eg blei slukt inn i handlinga. Tritonus var innimellom veldig gjenkjenneleg sidan me driv med musikk, og Moyes si bok med sterke kvinnekarakterar og eit kløvhestbibliotek var ordentleg fascinerande. Bøkene til Ólafsdottir er alltid ei sann glede å lese. Må i same slengen nemne Hollowpox av Jessica Townsend, den tredje boka i Nevermoor-serien. Ho har klart å skape eit univers der eg drøymer meg vekk og berre nyt det å vere djupt inne i ei fantasybok.



Kvart år blir det ein del krim, og ein av dei beste var Mord på Orientekspressen med Hercule Poirot i spissen. Å, han er berre så artig! Bøkene til Camilla Grebe var verkeleg nervepirrande (har enno ikkje lese heile serien) medan bøkene til Kroken & Kolden var sånn herleg kosekrim. Troubled Blood av Robert Galbraith, Bakom synger døden av Karin Fossum og The Glass Room – bok nr. fem om Vera Stanhope – er andre bra skrivne krimbøker. 



Mange av bøkene eg les, får meg til å felle tårer. The Girl He Used to Know av Tracy Garvis Graves fekk tårene til å trille, eg heia på karakterane og dette er rett og slett ei av dei beste bøkene eg las i fjor. Bønn for Tsjernobyl av Svetlana Aleksijevitsj var den fyrste litteraturprisvinnaren eg las, og dette er ei tøff bok med stemmer frå mange av dei som stod midt oppe i Tsjernobyl-katastrofen. Det same med boka Plattformen som ikke kunne velte, ei visuell dokumentarbok om Kielland-ulykka. Slutten på This Is How It Always Is av Laurie Frankel er eit siste lite døme på ei bok der slutten gjorde meg så rørt at eg ikkje klarte å slutte å grine.



Men eg har også lese fleire bøker som har fått meg til å smile og le. Knytta til hytta av Magnus Helgerud står nok igjen som den eg lo mest av, for ei vittig bok om fenomenet hytteliv! Royal Holiday av Jasmine Guillory, sommar- og julebøkene som Mandy Baggot har skrive (bl.a. Those Summer Nights frå Korfu og One Christmas in Paris) og Ayesha at Last av Uzma Jalaluddin– ein moderne versjon av Pride and Prejudice – er andre bøker som eg har småhumra av.



Det er ikkje alle bøker eg veit så mykje om før eg byrjar å lese dei, og på denne måten er det fleire bøker som overraskar meg; fyrst og fremst positivt. Tremarnock-serien av Emma Burstall (eg har lese bok ein og to) var ei herleg overrasking, og dette er blitt ein favorittserie. Det store ødet av Kristin Hannah overraska fordi eg trudde historia var meir lettbeint enn det den faktisk var. Felix Ever After av Kacen Callender er ei bok som utfordrar spørsmålet om kjønn og om det å bli plassert i bås, for treng me alle eigentleg det, er det ikkje berre nok å vere (til dømes) Felix, og eg synest forfattaren tar opp desse aktuelle tema på ein varm måte. The Love Story of Missy Carmichael av Beth Morrey starta treigt, men tok seg veldig opp, og det blei ei kjempfin og sår leseoppleving. Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof skriv akkurat passe enkelt og konkret om rasisme, og dette var ei bok me diskuterte i boklubben vår. Til slutt må eg også nemne The Bromance Book Club og Undercover Bromance av Lyssa Kay Adams, for det var mykje meir enn berre chick-lit og eg gleder meg til å lese den tredje boka seinare i år.



Red, White & Royal Blue av Casey McQuiston, Tollak til Ingeborg av Tore Renberg og The Flatshare av Beth O'Leary er tre bøker eg gjerne les igjen. Den fyrste fordi den er søt, annleis og brennande aktuell, den andre fordi den er så kompleks (og så er den skrive på nynorsk av ein av mine favorittforfattarar) og den siste fordi den er akkurat passe feel-good.



Langsomt lukker jeg døren av Linda Olsson har eit nydeleg språk. Det har også På jorda er vi glimtvis vakre av Ocean Vuong, som i tillegg er røff og tidvis vond å lese. Vintertonar av Anders Totland og diktsamlinga Ikke slipp av Trygve Skaug er to bøker der orda sat i lenge og eg skreiv ned fleire av setningane. Tove Janssons Sent i november er, som mange av hennar bøker, skrive med eit nesten poetisk språk og har ei heilt eiga stemning. Og til sist må eg nemne Livet – illustrert av Lisa Aisato med dei aller vakraste illustrasjonane. 

Legg igjen ein fin tanke