8. jan. 2021

Rim på ruta



Kuldegradar ute, fleire dagar på rad. Rimet ligg tjukt på graset, på vindauget og attpåtil på julekulene som framleis heng ute på treet rett utanfor blokka vår. Stilig å sjå krystallane på ruta, vakre og ulike alle som ein. Eg tar med meg desse fine vinterbileta inn i helga, for alle slike små kvardagsgleder tel no. Strengare restriksjonar, ein jobbkvardag som endå ein gong blir snudd opp ned, eit nytt år eg hadde håpt skulle starte mjukare enn det det til no har gjort. At rimet glitrar når eg syklar heim frå jobben, å kunne finne fram ei bok, å prate saman med ein god kollega, å slappe av med ein kjekk serie i armkroken til mannen min, det gjer heldigvis dagane littegrann mjukare. 

Legg igjen ein fin tanke