4. jan. 2021

2020 i tolv bilete


Tolv bilete, eit for kvar månad, synest eg er ein greit måte å oppsummere eit år på. Men korleis skal eg oppsummere eit år slik det 2020 var? Eg veit faktisk ikkje, for som eg tidlegare har nemnt, har det vore opp og ned, ei ekte berg-og-dal-bane. Likevel, når eg ser på bileta og les nokre av vekesoppsummeringa mine, ser eg at fjoråret var bra på mange område. Januar starta med englespel og lys i mørketida. Mjuk morgon, byrje på den siste sesongen av Anne with an E, kule øyredobbar frå ein Etsy-butikk, Maestro på NRK, nyttårskonsert med SSO, god og stor lesehaug allereie den fyrste månaden, spele "Kortskalle" i lag med fine folk ein laurdag, gravferd og eit fint minnesamvere i Horten, sykle heim frå jobben med januarsola i andletet, møte ein bartekatt ved Vannassen, lese Bønn for Tsjernobyl og lese høgt alle lappane frå minneglaset.



Februar: gå opp til Ullandhaug for å helse på dei søtaste miniatyrhestane, snøklokker (for meg det aller finaste vårteiknet), ete på restaurant då det var "Spis for 100" i byen, sluke The Great British Bake Off, gå på kino med ei god veninne der me såg Little Women, gå til jobben ein dag, bli spurt om å vere forlovar, middagsbesøk av dei som skulle gifte seg og sidan kul teaterkonsert på Rogaland teater, vere med på brudekjoleprøving, svømmeøkt på Gamlingen, finaste boka av Lisa Aisato (Livet – illustrert), å følgje Loulou og kvalpane hennar, spele konsert i lag med orkesteret (det blei dessverre ikkje så mange av dei i 2020), laurdagspizza og "UNO"-speling heime på Sola, heimebakte fastelavnsbollar og meir vårkjensle i lufta.

 

Mars: byrje å strikke Twiggygenser frå Pickles i den nydelegaste grønfargen, ta ein titt på telefonkiosken på Kannik som no er blitt ei slags bu for bøker, krokus og fleire snøklokker ute, småhumre då eg såg den fyrste episoden av Kompani Lauritzen, pusle og strikke mange av marskveldane, plutseleg skjønne alvoret av ein viss korona, starte med vedlikehaldsarbeid inne på jobb då svømmehallen stengde, prøve å slappe av med bøker og artige filmar, sjå ferdig den finaste, walisiske serien Stella, gode og fargerike makronar, lufte tankane med ein gåtur (og lufte tankane i eit par små innlegg på bloggen), livekonsertar over nettet, måle litt med vassfargeblyantar, laurdagstur i Sørmarka med mannen min og broremann og feire vaffeldagen på jobb.

 

April: mange gåturar i den herlege vårlufta (her må eg nemne botanisk hage, Jåttåturen, Tungenes fyr, Lundsneset og Hålandsvatnet), lage key lime pie til å ha med på jobb – det er ikkje kvar dag ein blir tretti år, lese krim i påska, få syngande bursdagshelsing på døra, heimelevering av bøker frå biblioteket, fleire livekonsertar over nettet, prate over halvannan time med beste veninnegjengen (videosamtalar er gull i slike tidar), "Påskelabyrinten" på radio, videoquiz over nettet, heimepåske med kryssord, quiz, påskeegg og fleire gode bøker, sjå den aller siste episoden av Modern Family, årets fyrste sitje-ute-på-balkongen-dag, endeleg kunne reise opp til hytta (aka. hyttetur), terrassebesøk hos eit venepar og bli omplassert til uteavdelinga på jobb.



Mai: besøk av Zalo x2, jobbdagar ute i frisk luft (nok som vare både–og), gjorde godt å vere litt sosial igjen då me besøkte eit venepar ute på Klepp, gyllen soloppgang, fleire gåturar (Kvernevik, Hafrsfjord og ein tur til Vigdelstranda og fortet der ute), meir The Great British Bake Off, blomar på trea, kaffi ute med jobbuniformen på, få bort koronasveisen, feire 17. mai med ein liten gjeng, online livekonsert med Heine Totland og Gisle Børge Styve, hyttetur med eit venepar, dei søtaste lamma ute på Jørpelandsholmen og feire trebryllaup (fem år) med middag ute på Kronen Gaard og ein fantastisk tur opp til Dalevatnet der eg blant anna bada.

 

Juni: komme tilbake til svømmehallen igjen etter fem veker i uteavdelinga, endå ein bokhaug, kose meg med Downton Abbey-filmen, sommarlyset ute i skogen, sundagskaffi og is ute på balkongen, varme sommardagar, teikne og måle meir med vassfargeblyantane (ei stund sidan sist, men no for tida er det strikking som gjeld, tihi), magiske og gylne solnedgangar på veg heim frå jobb, feire mannen min sin bursdag med kake og god middag her heime, mykje latter med Taskmaster på skjermen, treffe dei søte kyllingane ute hos fine folk på Hundvåg, lese i den botaniske hagen, ha på meg gul sommarkjole då me grilla på Sankthansaftan i lag med naboblokkene, feire broren min sin bursdag heime på Sola og nok ein gong helse på dei søte hestane oppe på Ullandhaug.



Juli: treffe ei veninne på kafé etter jobb, dra på overraskingsbesøk opp til familien på hytta, Kampenturen, høyre på musikken til Ennio Morricone litt ekstra mykje sidan han gjekk bort den månaden, liten innflyttingsfest hos eit venepar, fyrste bokkklubbmøte over nett, få besøk av Langhusgjengen, ein laurdag aleine i svømmehallen i lag med nemnde gjeng, besøke flymuseet og lage moffeloffar på Sola, filmkveld på Hundvåg hos fine folk, svanefamilien ved Vannassen og i gong med ferien (biltur med overnatting på Rjukan Admini, flotte fjellovergangar, tur opp til Falkenuten, senke skuldrene på Furulund pensjonat, geitene på Herdalssetra, lesing og ro på fjellet, den vakraste solnedgangen hos svigers, og fuglane ute på Runde den aller siste julidagen). 



August: fortsetje ferien med blant anna tur til akvariet i Ålesund og ete på stamkaféen var – Tante Bruun – i den byen, sidan reise frå svigers og på heimvegen besøke pantertante i Florø, gå Vindhellavegen, stikke innom butikken Fredag i finaste Lærdal og køyre flotte, nasjonale turistvegar, ein magisk kveld ute på Flor & Fære, balkonglivet, sjå ferdig Anne wit an E, kjempefint bryllaup der eg var forlovar (og der me samstundes spelte i vigsla), ein tur rundt Stokkavatnet og lakke neglane med glitter og kongeblå farge.



September: kjekt å sjå agurkane og tomatane som voks hos oss gjennom seinsommaren og hausten, kose meg med Notting Hill og All Creatures Great and Small, ei stille stund om morgonen med bok og kaffi, ete god middag på ein indisk restaurant i lag med mannen min og to fine kollegaer, vere instruktør på eit korpsseminar, få spele med orkesteret igjenfredagsdate med god middag, frisk sider og byrje på Hamilton på Disney+, tur langs sjøen ute på Kvernevik, endeleg ny sesong av Eventyrlig oppussing og byrje med raglanauking for fyrste gong.



Oktober: gøy med sjølvutløysar blant alle haustfargane i Vålandsskogen, liten tur opp til hytta der det blei mykje lesing, strikking og fleire koppar med kaffi, tur rundt Mosvatnet med ei veninne eg ikkje hadde sett på lenge, liten haustferie der med køyrde til Oslo for å endeleg kunne sjå Chess, koseleg å utforske Kragerø på vegen bort, endå ein tur rundt Mosvatnet med ei anna god veninne, alle haustfargane, bokklubbmøte, besøk av Zalo, Murdoch Mysteries, Poirot-bøker, jubileumskonsert med orkesteret, to fine bruktkjøp og høyre på ein korpskonsert i Bjergsted.



November: vakre illustrasjonar i Solvokteren (noko eg trong i ein grå november), Markéta Irglovás nyaste song, butikken Godt Gjort midt i byen, endå fleire haustfargar, sitje inne med ei eller fleire gode bøker medan det regna ute, ny bok frå ein favorittforfattar (Tore Renberg), Les Misérables in Concert: The 25th Anniversary på Netflix, haustlyset og framleis ein del fargar ute i skogen, storkose meg med å lese Hollowpoxete ein knallgod middag på Spiseriet i lag med eit venepar og etterpå få latterkrampe av Tønes og Ingvar Hovlands "Kor skal dokke vær hen på julafto?", Eides språksjov, morgontur aleine og strikke ferdig Twiggygenseren. 



Desember: å få oppleve finaste Cinema Paradiso på kino, julehjarta og julestjernene midt i byen,  den årlege sjokoladestangbakinga i lag med broren min, lese mange julebøker og kose meg med den femte boka om Strike og Robin, ny sesong av Endeavour, nydeleg desemberhimmel, julemusikk og adventskalender, sjå kortfilmen The Snowman i Kuppelhallen med live orkester på scena (og eg blei så klart veldig rørt, og tårene rann då solisten song "Walking in the Air"), bake lussekattar med ekte safran, nytt bokklubbmøte over nettet, pynte juletreet heime på Sola lille julaftan og feire jula heime, senka skuldre i jula, byrje å strikke ein ny genser, Zalo var i storform, herleg tur ved Vigdelstranda for å finne steinansiktet og feire inngangen til det nye året med eit par gode venar me ikkje hadde sett på aldri så lenge. 

Legg igjen ein fin tanke