3. jan. 2021

Siste veke i 2020 – og dei fyrste dagane av eit nytt år



To og ein halv dag på jobb, romjulsdagar og fridagar i eit nytt år. Nesten litt vanskeleg å oppsummere veka, for dagane har gått i kvarandre og sjølv om eg veit at me er i gong med 2021, kjenner eg at eg på eit vis heng igjen. Ikkje så enkelt å forklare, men av og til er det slik, ei kjensle av merksnodige dagar. Bøker, kaffi, fin nyttårsfeiring, sollyset og strikking veg opp kva dag som helst, så eg skal ikkje klage mykje. Korleis har din start på året vore? Slik har mine dagar vore:

✦ pappa fekk nytt kamera til jul (Instax Square), og eg synest det fyrste biletet blei så koseleg
✦ hunden Bailey er så tolmodig og fin i lag med alle dyr, også saman med katten Simon
✦ gå Kristianslystturen ute i eit nydeleg januarvêr med rim på bakken og sola i andletet
✦ eg rakk akkurat å sjå ferdig den siste episoden av Friends før serien forsvann frå Netflix
✦ og apropos Friends: dette var ei artig liste
✦ meir Kahoot! over nettet saman med pantertante og familien på Sola
✦ siste boka eg las i fjor var Yt etter evne, få etter behov
✦ å, sjå dette lille ekornet
✦ høyre fuglekvitter ein av dagane då eg sykla til jobb tidleg om morgonen
✦ ein episode av Good Omens og laurdagstaco
✦ nyttårsdagsmiddag heime på Sola der Zalo var heilt med 
✦ og spele meir "Decrypto" – for eit artig spel!
✦ "Top 10 Places on Earth Where Gravity Appears Broken" – kult at Moncton blir nemnt i lista
✦ starte helga med god frukost og ein episode av den gamle Narnia-serien i lag med han der fine
✦ feire nyttår i lag med eit par gode venar som me ikkje hadde sett på eit drygt år
✦ Sol Heilo sin versjon av "Gabriellas sång", så utruleg nydeleg og sår på same tid
✦ ha god tid til å lese mykje og sjå litt på den artige TV-serien Superstore
✦ boka This Time Next Year var den fyrste eg las i år, heilt ypperleg nyttårslektyre
✦ sjå juleepisoden av All Creatures Great and Small på NRK Nett-TV, stor stas i mine auge ;)
✦ fortsetje å strikke Twiggygenseren i ein heilt nydeleg farge (og så klart drikke ein kopp med kaffi)

Legg igjen ein fin tanke