10. jan. 2020

Mitt bokår 2019 📚

For min del er det ikkje viktig kor mange bøker eg les, men må jo seie at det er litt stas at det faktisk blei hundre bøker i fjor. Det er bøker som er korte, andre lange og det er bøker frå alle sjangre. Som med årsoppsummeringa i tolv bilete, synest eg det er noko vanskeleg å prøve å oppsummere leseåret mitt i eit relativt kort blogginnlegg, for eg skulle så gjerne ha nemnt dei alle saman. Hi, hi. Men ingen tvil om det har vore bøker og kaffi kvar veke. I fjor laga eg ei utfordring til meg sjølv, nemleg å lese ein klassikar i månaden, og eg var med på #readchristie2019, med andre ord to leseutfordringar og dimed to slike bøker kvar månad. Det har vore artig å utfordre meg sjølv til å finne dei forskjellige bøkene kvar månad, og i år skal eg prøve å lese ei bok kvar månad av ein forfattar som har fått Nobels litteraturpris. I tillegg blir det #readchristie2020, for Agatha Christie sine bøker er alltid like spennande. Av dei eg las i fjor, var Endless Night, Og dermed var det ingen og Nemesis eit par av dei beste. Andre gode og spennande krimbøker eg las i fjor, er Trude Teiges Aldri tilgi, Terapeuten av Helene Flood og Silent Voices med Vera Stanhope i spissen.


Av klassikarane som eg las i fjor, må eg seie eg likte nesten aller beste barneboka Det suser i sivet av Kenneth Grahame; illustrasjonane i den utgåva var så fargerike og flotte. Eg les jo ein del YA-bøker og bøker som i mine auge er lettlesne, men som eg uansett slappar av med. I fjor var dette blant anna Wayward Son av Rainbow Rowell, Evvie Drake Starts Over av Linda Holmes og Den ene pluss en av Jojo Moyes.


Bøker som i fjor fekk meg til å grine fordi dei er sterke, rørande eller begge delar har det vore fleire av. Ein av dei siste eg las, Draumar betyr ingenting av Ane Barmen, var verkeleg ei slik bok. Språket og ikkje minst handlinga, sukk. PS: Jeg elsker deg-klubben av Cecelia Ahern, Dewey's Nine Lives av Vicki Myron og Bret Witter, Island Song av Madeleine Bunting og Eg får aldri sjå verda igjen av Ahmet Altan er andre bøker som eg ønskjer å nemne.



Ein av seriane eg las i fjor som eg verkeleg har kost meg med, er Korfu-trilogien, skriven av Gerald Durrell. Fyrste bok ut var My Family & Other Animals og bøkene fekk meg til å humre jamt og trutt. Eg måtte jo også smile og humre litt av slutten på Rosie-trilogien: The Rosie Result av Graeme Simsion og det same med Perler på en snor av P.I. Paris og Hyttebok frå helvete av Are Kalvø. Ha, ha, han skriv berre så himla artig!



Så klart treng ein ikkje å le for å kose seg med ei bok. Det er så mange bøker eg ønskjer å bli ein del av, dykke ned i det gitte universet og berre bli der. Harry Potter og fangen fra Azkaban er i alle fall ei univers eg ville likt å besøke. Fangirl og Carry On av Rainbow Rowell, The Bookish Life of Nina Hill av Abbi Waxman og dei to julebøkene av Mandy Baggot – One New York Christmas og One Christmas Star – er alle døme på herlege bøker.


Kvart år les eg bøker som overraskar meg positivt, og ei av står igjen som årets beste bok: Der krepsene synger av Delia Owens. Nydelege naturskildringar, eit mordmysterium og karakterar som sit igjen lenge etterpå. My Oxford Year av Julia Whelan overraska også positivt, for eg trudde den kom til å vere meir feelgood og chick-lit enn det den var. Rett og slett ei bok med ein del dybde samstundes som den var fin. Koke bjørn av Mikael Niemi skulle også vise seg å vere betre enn det eg hadde venta, ordentleg spennande og veldig bra skriven.



Tre bøker som eg gjerne kan lese om igjen: The Map of Us av Jules Preston (ei av dei fyrste bøkene eg las i fjor), The Kiss Quotient av Helen Hoang og ikkje minst Good Omens av Neil Gaiman og Terry Pratchett. Denne boka las han på engelsk og eg på norsk, samstundes. Miniserien såg me to gongar, og boka er heilt fantastisk. Les den!



Tove Janssons språk Sommerboken er så fint, så fint. Poetisk og melankolsk, det er noko heilt eige. To andre fine bøker The Chronicles of Avonlea og Further Chronicles of Avonlea av L. M. Montgomery (å, eg saknar Anne of Green Gables og PEI). Datteren, den siste boka Anne B. Ragde har skrive om Neshov-folket og Historien om Ásta av Jón Kalman Stefánsson må eg også få nemne her. Eg gleder meg til å ta fatt på mange fleire bøker i løpet av 2020, om det så er krim eller ein litteraturprisvinnar, ei ungdomsbok, kanskje ei diktsamling eller noko heilt anna. Nu kör vi!

Legg igjen ein fin tanke