6. nov. 2020

Vemod og trøyst i ein song


"With as much loss as people all over the world have experienced in the past year, I wanted to write a tribute to the people who have died and to pass on some words of comfort to their families. I am hoping this song can spread some healing to people who are in pain. To help them feel a little better. To be reminded that they are not alone. To feel embraced and held in a safe space. I hope for their burden to be lifted even if it is just for the 13 minutes it takes to listen to this song." (Markéta Irglová). Ønskjer å dele denne songen med dykk på denne fredagen, den fyrste fredagen i november i dette rare året 2020. Markéta Irglová har lenge vore ein favorittartist, og eg veit at eg har delt mange av songane hennar før her på bloggen. No har ho nettopp komme ut med elegien "Among the Living". Ein elegi er eit dikt eller musikkstykke fylt med vemod, og med tanke på korleis dette året har vore, fangar Irglová verkeleg stemninga i denne songen. Sion Fullana har tatt bileta som blir brukt i videoen, og dei gir ein ekstra dimensjon til songteksten. Som med Solvokteren, kjenner eg at dette er ein song eg treng no denne veka, i desse dagane der mykje er rart, mørket sig på og lufta blir kaldare. Blir jobb for min del både laurdag og sundag. Håper du lager deg ei fin helg.

Legg igjen ein fin tanke