29. nov. 2020

Regn på ruta, kaffi i ein Mummikopp, sollys og sniktitt på ein genser



Seint i november. Ikkje i morgon, men dagen etter det, er desember her. Og i dag er det jaggu meg fyrste sundag i advent. Kor blei dette rare året eigentleg av?! Det aller kjekkaste denne veka var vel å strikke ferdig den grøne Twiggy-genseren. Eg blei så nøgd, og så var det gøy å strikke eit større prosjekt! Veit allereie kva neste prosjekt skal bli. Medan eg gjorde ferdig genseren, såg eg eit par episodar av Murdoch Mysteries. Hi, hi, den serien er så artig! Fridagar med mykje lesing og strikking, kveldsvakt på jobb med stort sett greie badegjestar og endå ei veke med veldig skiftande vêr og temperatur, både godt på plussida og så vidt på minussida. Kort fortalt mi veke, meir her:

✦ fint å lese Tove Jansson-boka Sent i november (og sjekk ut koppen, bokmerket og englespelet)
✦ sniktitt på genseren som no er ferdigstrikka
✦ sjå her, Ida: 2020-versjonen av All Creatures Great & Small kjem på NRK Nett-TV i romjula
✦ sitje inne med ei god bok og titte ut av stovevindauget på alle regndropane
✦ "Now We Are Free" frå Gladiator med cellisten Hauser
✦ hyggelege ord frå ein kunde som meinte eg burde hatt ein bukett som takk for hjelpa
✦ Bailey og den søte katten er verkeleg blitt gode vener
✦ småhumre av Eides språksjov
✦ og skrattle av Taskmaster
✦ eventyrlysten katt som er med ut på mange forskjellige oppdagingsferder
✦ sollyset inn i stova, perfekt start på helga
✦ musikknotar på ei trapp i konserthuset
✦ skal absolutt besøke det gamle biblioteket ved Oslo katedralskole ein dag
✦ kalenderboka Adventsstjernen med aktuelle tema og nydelege illustrasjonar
✦ byrje å spele julemusikk over høgtalarane på jobb
✦ mannen min som stod klar med middag og tente lys etter jobben i dag
✦ novemberdagar hos Jonna i Grundtjärn
✦ starte veka med ein akkurat passe morgontur
✦ har ikkje sett The Greatest Showman, men det finst så mange fine versjonar av denne songen
✦ regndropane på ein eviggrøn plante ved Amfi Madla
✦ "Takknemlighet" – god mat, godt selskap og finaste pusen
✦ hente ei god bok på biblioteket og prate med dei fine folka der
godt med taco i går, og mannen min, broremann og eg spelte kulaste "Takenoko" etterpå

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå, for en herlig søndagsliste Silje! Jeg leser faktisk også "Sent i november" akkurat nå ;) Jeg hadde høytlesing fra den når vi hadde Thanksgiving. Forresten tusen takk for at du deler. Du er så god ♥ SÅ fantastisk at All Creatures Great & Small skal komme på tv i romjula. Det gleder jeg meg virkelig til! Takk for tipset, det hadde gått meg hus forbi. Ellers sitter jeg her nå å koser meg med alt det andre på lista. Bildene dine er så magisk og stemningsfulle. Den sangen fra Gladiatoren, den er så vakker og så sterk. Og alle de fine videoene av dyr som du deler smelter hjertet mitt helt ;) Jeg digger søndagslistene dine Silje! Håper du får en super uke, med flere badegjester som syns du fortjener en bukett. Varm klem fra et vått nord.

Silje sa...

For ei superduper herleg oppsummering av oppsummeringa, tihi! ;) Jansson sine bøker har ei heilt eiga stemning, eit eige språk, og det er alltid like fint å dykke ned i hennar univers ♥ Og takk for kommentaren om bileta mine, den varma! Søte dyrevideoar er ein klassikar og like moro og fint å sjå på uansett kva dag eller kva årstid det er ^^ Sender av garde mange varme klemmar frå eit (i dag) solrikt Stavanger ♥

Legg igjen ein fin tanke