9. nov. 2020
Lyst og mørkt om kvarandre
Gleder meg til å sykle til jobben i dag; ute skin sola sterkt og klart. Sollyset gir meg energi, og med slike mørke dagar som det ofte er om hausten, tar eg alt eg kan få av sol, blå himmel og lyse dagar. Regn på ruta høyrer også november til. På eit eller anna vis er det noko fint med dei bittesmå dropane som klistrar seg fast på vindauget ute. Inne sit eg med ei bok og te i koppen. Kanskje tente stearinlys. Startar veka med kveldsvakt, så foreløpig har eg berre lese, høyrt på klassisk musikk og drukke eit par koppar kaffi. Ganske kvardagslege novemberdagar her i heimen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke