23. nov. 2020

Morgontur



Morgon. Måndagsmorgon og ei ny veke. Fri sidan kveldsskiftet ikkje byrjar før onsdag. Medan min betre halvdel har forelesning over nettet, finn eg fram yttertøy og joggesko. Er ute av døra rett rundt ni. Frisk morgonluft i andletet. Eg vaknar litt etter litt. Regnet heng framleis på blada og på ei lita rose. Blåfargen frå hortensiaen eg går forbi er lyseblå og heilt nydeleg. Stoppar opp ved eit steingjerde for å nyte siste rest av haustfargane på eit lite tre. Morgonstund ute i nærområdet.


Lyset ute, ikkje heilt dag, men ikkje soloppgang. Noko midt i mellom. Sauar på ein grasflekk med Ullandhaugtårnet i bakgrunnen. Ein raudstrupe som flyg forbi meg så fort, så fort. Den har ikkje tid til å stå stille. Kristtornen med sine raude bær. I ein grøftekant ligg det fleire runde, flotte, fargerike steinar i ein haug. Grøftekantsglede. Snart er eg heime igjen, og der ventar frukost og kaffien.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

ÅÅååå, så magisk fint Silje ♥ Der ga du meg noen minutter med dyp indre ro mens jeg "rømte inn i" den fine turen din. Tusen takk ;)

Silje sa...

Veldig koseleg å høyre, for det var akkurat det som var meininga! :) Ordentleg finfin start på måndagen og generelt veka, ikkje berre turen, men også din fine kommentar ♥

Legg igjen ein fin tanke