4. nov. 2020

Solvokteren ☀️



Treng slike vakre illustrasjonar i dag kjenner eg. Som vanleg når eig les ein bok illustrert av Lisa Aisato, berre må eg vise boka her på bloggen. Solvokteren med tekst av Maja Lunde er nettopp ei slik bok. For to år sidan kom Lunde og Aisato ut med boka Snøsøsteren, ei heilt fantasisk kalenderbok, ei bok som gjorde kjempesuksess. Eg kan framleis hugse kjensla av å lese den boka, beundre dei magiske illustrasjonane. Lunde og Aisato har sagt at dei vil gi ut fire slike bøker totalt, ein slags årstidskvartett, og Solvokteren er våren. Hadde vore meir naturleg om det var ei haustbok med tanke på årstida me er inne i, men det får så vere. Solvokteren har ikkje heilt den same magien som Snøsøsteren, men det er noko der likevel som gjorde at eg berre måtte lese vidare og vidare, heilt til siste slutt. For tenk å ikkje ha ein sol i verda, berre regn og mørke, dag etter dag.

Legg igjen ein fin tanke