11. nov. 2020

Ny bok av ein favorittforfattar


Kompani Orheim, Du er så lys, Mannen som elsket Yngve, Dette er mine gamle dager og Skada gods. Tore Renberg er ein av mine favorittforfattarar, har vore det lenge (og eg må innrømme at eg blei litt starstruck då eg stod og prata med han på jobben tidleg i år). Anten han skriv på bokmål eller nynorsk, sjølv om det siste er det finaste. Då han skulle skrive Du er så lys, sa han i eit intervju at han sleit med å finne forma på boka inntil han byrja å skrive på nynorsk. Og eg trur eg skjønner kva han meinte med det, for dei forskjellige skriftspråka gir forskjellige stemningar. Eg kan enno hugse kjensla av mystikk og eit mørke då eg las Du er så lys. For ikkje lenge sidan las eg den nyaste boka til Renberg, Tollak til Ingeborg. Mykje kraft i ei relativt lita bok, og stemninga minner meg innimellom om Du er så lys. Tøff og ei til tider nokså mørk bok, men likevel: les den!

Legg igjen ein fin tanke