8. nov. 2020

Bak skyene





Uro i byrjinga av veka, kveldsvakta på jobb der eg ein kveld plutseleg måtte fikse noko som ikkje ville fungere, og heldigvis meir ro i sjela og verda dei siste dagane. Trur mange av oss pustar letta ut og kjenner på håp etter valet tysdagskveld. "Utenfor huset ble jeg stående og trekke pusten et par ganger. Jeg fylte lungene med lufta, som luktet rent, ferskt, nyvasket. Himmelen var høy og blå. Hvitveisen i skråningen duppet av dugg, og bare i løpet av natten hadde bladene på bjørketrærne blitt større. Snart så man ikke lenger greinene for grønt bladverk. Dette er min verden, tenkte jeg. Og det er en verden jeg liker. Her er alt i forandring, her kan allting skje." (s. 196, Solvokteren). Det er akkurat slik det er. Vel, no er sundagen snart over, og me går over til ei viss lita liste:

✦ starte kvar einaste dag med kaffi og lesing etter ein god frukost
✦ "Bak skyene er himmelen alltid blå" – hausthimmelen kan vere kjempeflott
✦ mjuke tonar frå Hauser, her med "River Flows In You"
✦ tenk at ein vill fugl kan bli så glad i eit menneske
✦ nyaste boka til Karin Fossum, Bakom synger døren, var superspennande
✦ sykle til jobb no i helga når det er lyst ute klokka ni om morgonen og høyre fuglane kvitre
✦ Markéta Irglovás nyaste song "Among the Living"
✦ lyset og dei gylne trea langs Mosvatnet
✦ og dei like gylne og varme blada på eit tre rett ved eit raudt stabbur i Bjergstedparken
✦ herleg innlegg med mykje fint frå oktober inne hos Et katteliv
✦ gult gull på bakken
✦ lage knallgod pizza i går i lag med broremann og mannen min, og sjå Ralph Breaks the Internet
✦ minimini kattunge som trur at ein hund er mammaen
✦ svømme før jobben ein av dagane
✦ lite minibibliotek foran sjølve biblioteket, sett på UiS campus Bjergsted
✦ lese Solvokteren av Maja Lunde og Lisa Aisato
✦ "Top 10 Broadway Antiheroes" – fordi musikalar i mitt hjarte
✦ sollyset inn i leilegheita som ein av dagane trefte norsk porselen
✦ stikke innom butikken Godt gjort i byen (endå ein gong), for her kan ein finne ypperlege gåver
✦ nydelege utgåver av Anne of Green Gables-bøkene, eg har jo faktisk to av dei ståande i bokhylla
✦ sjå siste episode i den fyrste sesongen av All Creatures Great & Small (2020-versjonen)
✦ som eg koste meg med den herlege boka Red, White & Royal Blue av Casey McQuiston 

Legg igjen ein fin tanke