15. nov. 2020

Nok ei lang og bra sundagsliste

Hellu, hellu. Ny sundagsliste kjem snart, og denne veka har det verkeleg vore mange små kvardagsgleder som har lyst opp grå dagar. Altså, alle dagane har ikkje vore grå, tvert i mot, men som eg har sagt så mange gongar før er no hausten slik den er: både lys og mørk om kvarandre. Når eg ikkje har vore på jobb, har eg lese mykje, strikka nesten like mykje, høyrt på filmmusikk og klassisk musikk, og eg har slukt miniserien Hollywood. Trass litt mange eksplisitte scener og ei noko alternativ røynd (fortid), er den fascinerande og tar opp korleis det var filmbransjen i etterkrigstida med raseskilje, maktmisbruk, kor vanskeleg det var å vise kjærleik for dei homofile og generelt ein tøff bransje. Eg har også vore ein snartur ute i skogen og fått unnagjort eit par julegåver. Blir ikkje så mykje sosialt for tida sidan også me er med på dugnaden og avgrensar kor mange me treff kvar veke. Rart, eg innrømmer det, men me skal komme oss gjennom dette også sjølv om det akkurat no er tungt. Korleis har du hatt det denne veka? Mange fine punkt kjem no:

✦ måndagsmorgon med eit godt ullpledd, bra bok og ein liten sjokoladebit
✦ lese Mennesket er en stor fasan i verden av Herta Müller som novembers litteraturprisvinnar
✦ søtaste fuglen som har eit heilt spesielt venskap med eit menneske
✦ sundagskaffi med noko attåt her hos oss i lag med mamma, pappa og broremann
✦ mange søte og nusselege raude pandaer i ein og same video
✦ solstrålar som trefte eit tre med gule haustblad rett ved jobben
✦ sykle ein annan veg til jobb – fint å sjå andre gater, rett og slett eit lita kvardagsglede
✦ seier aldri nei til ein kopp med god, heimelaga latte 
✦ høyre på The Line, det nye albumet til bandet Kalandra
✦ herleg å trekke frisk luft på ein liten gåtur i Vålandsparken i går
✦ soloppgang over byen
✦ Christie-boka N eller M med Tommy og Tuppence i spissen
✦ stilig å sjå han trommisen eg kjenner spele i veg under ein av songane i Chess
✦ Les Misérables in Concert: The 25th Anniversary på Netflix
✦ raudt gull både på trea og på bakken
✦ morgonsola over svømmehallen
✦ "Shallow" i ein fin celloversjon spelt av Luka Sulic
✦ sluke miniserien Hollywood
✦ sollyset inn i stova, og denne gongen trefte det trefiguren og Wes Anderson-boka
✦ to haustlege blogginnlegg inne hos Niina (her og her)
✦ blir varm om hjartet når eg ser eit fint skilt som det eg såg midt i byen her om dagen

Legg igjen ein fin tanke