1. nov. 2020

Mørke oktoberdagar, men ei fin helg




Oktober kom og gjekk, fyrste novemberdag er her. Kjenner desse to dagane har gjort godt, for eg har for det meste lese og strikka. Høyrt på klassisk musikk og ledd av Taskmaster. Det var akkurat det eg trong etter ei jobbveke der energien har vore låg, kundane har klaga mykje på låg vatntemperatur (tempen må nemleg ned når det skal vere stemne i hallen) og ein god del å gjere i samband med eit svømmestemne. Heldigvis er me fleire som hjelper kvarandre, og ein god (eller kanskje dårleg) humor blant oss kollegaer hjelper på. Fredagsgodt på jobb, fleire bøker frå biblioteket, strikking og ein korpskonsert har løfta veka fleire hakk. Seinare i kveld skal eg sjå Eventyrlig oppussing og sidan har eg fri både i morgon og tysdag. Ny sundag, ny liste:

✦ hygge med haustmagasinet til Mariell, kaffi og stearinlys
✦ høyre på albumlansering på Youtube: Hauser som nydeleg speler musikk av Morricone
✦ dei små og fine vasene eg nettopp har funne på to gjenbruksbutikkar
✦ piggsvinet Herbee må jo vere eit av dei søtaste, og smilet hans er berre heilt herleg
✦ storkost meg med fleire episodar av All Creatures Great & Small
✦ og no byrja på 2020-versjonen av nemnde serie, like herleg den også
✦ stille lesestund ved eit lite bibliotek medan eg venta på å høyre Bjergsted Blåseensemble
✦ kjekt å høyre på korpsmusikk live igjen i går kveld i Bjergsted
✦ "Send in the Clowns" med a cappella-gruppa VOCES8
✦ saknar England og Yorkshire litt ekstra når eg ser på den serien
✦ fine Jonna har publisert ein ny vlog, og eg drøymer meg vekk i hennar vakre video
✦ brukte ei stund på denne boka, men Stephen Fry skriv herleg humoristisk om gresk mytologi
✦ 25 år sidan miniserien Pride and Prejudice kom ut og blei ein kjempesuksess
✦ skarpt og gyllent haustlys ein dag ved Mosvatnet
✦ og ikkje minst endå fleire haustblad
✦ ikkje at eg treng nye turklede, men merket Astrid Wild har stilige og kule turbukser
✦ artig teddybjørn på ein vegg midt i byen
✦ sjå ferdig Hamilton på Disney+ med mykje bra musikk
✦ tihi, for ein artig og søt, liten elefant
✦ nok ei spennande bok frå Stina Jackson, nemleg debutromanen Sølvveien
✦ laurdags- og sundagsmorgon med dyne i sofaen, humorprogram og frukost litt over åtte

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Kjempefin liste som vanlig Silje ;) Masse stemningsfulle og koselige bilder, herlighet det smilet på piggsvinet Herbee, den søte lille elefanten smeltet hjertet mitt helt, og "All Creatures Great & Small" virker som den koseligste serien ;) Hvor ser du 2020-versjonen? Og har du de gamle på dvd? Hva syns du forresten om Disney+? Jeg er jo en Disneyelsker av rang, men har så mange filmer på dvd her hjemme at jeg er usikker på om jeg trenger Disney+. Hahaha, ordentlig I-landsproblem.

Sender deg en stor søndagsklem som takk for alt fint du deler ♥ Jeg blir bestandig så glad når jeg er innom bloggen din ;) Håper du får en nydelig uke!

Silje sa...

Besteste deg, Ida! ♥ No varma du verkeleg hjartet mitt, nok ein gong! :D Takk for alle dine fine ord, eg set så utruleg pris på dei! ♥ "All Creatures Great & Small", den gamle serien, har eg lånt på DVD på biblioteket (veit det skal gå an å fjernlåne frå andre bibliotek viss nærmaste bibliotek ikkje har, det gjeld det aller meste, altså). Den nye serien ser eg på ei streamingside ;) Liker veldig godt Disney+, absolutt verdt prisen (men no har ikkje eg mange Disney-filmar på DVD heller...). Her har du alt på same plass, og det er så mykje meir enn klassikarane. Men eg har ikkje kjøpt for eit heilt år enno, for me har jo Netflix og HBO også ;) God klem til deg også ♥

Legg igjen ein fin tanke