13. nov. 2020

Små gullaugeblink



Fullt av gult gull på bakken ute, gode bøker og heimelaga latte inne. Slik er det er for tida. Det meste av haustlauvet ligg no på bakken, når eg har sykla til og frå jobb har eg sett blad som dett ned frå trea. Rart at adventstida snart er her, hausten har på ein måte foke av garde utan at eg har skjønt kor den blei av. Heile året har det. 2020, eit surrealistisk år me kjem til å hugse lenge. Men at eg har fått lese mykje i år, det er det ingen som kan motseie. Fordelen med å jobbe på skift er å ha langhelg. Både i går og i dag har eg kost meg med kaffi og lese i kjekke bøker. Altfor mange bøker, altfor lita tid. Eit par ærend, strikking, husarbeid og lesing står på planen for helga før måndag og morgonskiftet startar. Akkurat no er det ein finfin musikal på skjermen :)

Legg igjen ein fin tanke