18. nov. 2020

Den engelske landsbygda




Av og til saknar eg Canada og Prince Edward Island litt ekstra. Eg saknar Interrail-turen me var på for tre år sidan. Å sjå ein musikal på Broadway, å stikke innom Katthult i finaste Småland, vere ei veke på Gotland. Trur ikkje eg er aleine når eg seier at eg har sakna det å reise i løpet av desse rare månadane. 2020, altså. Eg meiner ikkje at ein må reise langt for å utforske, oppdage, ha ein bra ferie; me hadde det kanonbra på biltur i Noreg i sommar. Men det er noko eige med det å ha moglegheita til å reise av garde, ta ein ferie ein heilt annan stad, oppleve nye plassar.



Etter å ha sett fleire sesongar av den originale All Creatures Great & Small og sidan den fyrste sesongen av den nye serien, kjenner eg at eg saknar England litt ekstra. Planen for årets sommarferie var jo å ta båten til Danmark og sidan tog til England. Eg skulle endeleg sjå Agatha Christies The Mousetrap og sett ein eller fem andre musikalar. Me skulle ta toget ut til den engelske landsbygda, kanskje leige ein bil slik som sist. Besøke gamle ruinar, slappe av i ein stor og frodig hage, bu på koselege vertshus, drikke te og ete scones. Kanskje komme oss til Glenfinnan Viaduct i Skottland for å sjå den spesielle brua kjent frå HP-filmane. Om ikkje no, så snart. Me skulle til slutt ha vore på konsert med Eagles i lag med mamma, pappa og broren min før me saman skulle fly heim. Hell i uhell var det berre sistnemnde som var bestilt, men planane var der. Finaste England med all din sjarm, eg saknar deg. Kanskje neste år, kanskje om to år. Ei reise eg drøymer om.

Legg igjen ein fin tanke