2. nov. 2020

Novembermåndag



Buketten står enno. Den eg fekk av ei veninne som takk for lånet av dei tre fyrste Harry Potter-bøkene. Koseleg å få ein slik bukett i dei finaste haustfargane. Roleg start på veka med bok og strikking (koser meg verkeleg med bøkene eg les for tida), ein bitteliten tur til butikken for å handle, sett ein film på Disney+ og høyrt på flott musikk på Spotify. Prøver å ikkje tenkje for mykje på morgondagens val i eit visst stort land. Har heller pakka meg inn i eit teppe og drøymt meg vekk i ei veldig bra bok. Akkurat det tenkjer eg å gjere i morgon også før det blir orkesterøving på kvelden og sidan jobb igjen onsdagsettermidag. Rett og slett ein relativt mjuk måndag.

Legg igjen ein fin tanke