Fyrste øving med orkesteret i 2020 og det same med kveldsskiftet. Alt i alt har det vore ei fin veke med herlege kollegaer og ein del lesing, men på fredag var me i Horten for å vere med på gravferda til ei tante av meg. Ho hadde vore sjuk over ei lengre tid, men det er likevel aldri noko kjekt. Det var no fint å treffe familie og slekt igjen, og så var det stas å ta nattoget til Oslo natt til fredag. I helga har det vore full rulle på jobb, for når vêret ute er kaldt og grått, kjem det mange som ønskjer å svømme inne hos oss. Byrjar seint i morgon, og det skal bli godt å sove ut littegrann. Gleder meg til å sjå Maestro om eit par straksar, så eg tenkjer eg berre deler sundagslista no med ein gong:
✦ nyaste boka til Robert Seethaler (mannen bak den finaste boka Et helt liv)
✦ å ha med ein kvalp og eit lam på eit omsorgssenter
✦ ete lunsjpizza i lag med ei god veninne etter at me hadde vore på keramikkutsal
✦ nattog til Oslo og så sitje på med eit nytt togsett frå Oslo S til Skoppum
✦ koseleg, lita avslutning på jobb i dag for ein av dei faste vikarane våre
✦ veldig mange fargerike og nydelege blomsterbukettar inne hos Et katteliv
✦ smakte godt med frukost på Thon Hotel Opera etter å ha tatt nattoget
✦ og eg blei ganske fascinert av taket og veggen i resepsjonsområdet på nemnte hotell
✦ hi, hi, dachsen Loulou er berre så fin og kul
✦ prate litt med ein forfattar eg er fan av i løpet av jobbsundagen
✦ dagslyset ute tidlegare denne veka
✦ nytt prosjekt med orkesteret
✦ ein song av Jonna Jinton inspirert av "Into the Unknown" frå Frozen 2
✦ bokhaug og te i ein finfin kopp
✦ treng nok litt påfyll, men veldig kult med eit slikt minibibliotek som det på Skoppum stasjon
✦ sjå musikalfilmen Oliver! frå 1968
✦ "Bring Him Home" sunge av Luke Evans
✦ fargekombinasjonen på nokre puter hos Kremmerhuset
✦ litt treig (det er ei stund sidan eg las boka), men likte Two Steps Forward om ein pilegrimstur
1 fin tanke - legg igjen noko fint du også
♥
Legg igjen ein fin tanke