1. jan. 2020

Inn i det nye tiåret

Nyttårsdekka bord. Stearinlys og fine glas. Ikkje noko fancy då me laga til middagsselskap her i går, men det treng ikkje alltid å vere det, for det viktigaste er dei som sit rundt bordet ;) Før gjestane kom, tok eg på meg denne kongeblå kjolen. Litt vanskeleg å sjå, men den har faldar nedst, og er endå meir elektrisk blå enn det som kjem fram. Hoppande glad for fin kjole i favorittfargen min.


Viltsteik til middag med potetar, eit par andre grønsaker og god saus som tilbehør. Steika var litt lita for seks personar, så me hadde eit par av mammas heimelaka karbonadar i tillegg. Rundt bordet var me seks personar. Like mange som i fjor (altså 2018), ikkje nøyaktig dei same folka, men ein like hyggeleg gjeng! Ho eine hadde laga Safarikjekskake toppa med bær til dessert, og den falt i smak hos alle. Prøvde oss på Tetrisspelet "Second Chance" før klokka slo tolv. Ordentleg artig!


Stakk ut til Siffen, eit stadion som ligg rett utanfor blokkene, og det var der me stod då det nye året byrja. Me hadde god utsikt til fellesfyrverkeriet, og det var mange flotte fargar på himmelen. Etterpå blei det litt Kahoot-quiz og prat før me tok kvelden. Hei, hurra, og velkommen 2020!

Legg igjen ein fin tanke