2. jan. 2020

Rundt og rundt og rundt

Englespelet med stjerner står heime på Sola, men eg har endeleg fått tak i eit til å ha her hos oss. Og det aller kulaste er at det er med Mummifigurar! Mummitrollet og Snorkfrøken, Mummimamma og Mummipappa, Lille My, Sniff og Snusmumrikken. Trur ikkje eg kjem til å pakke denne bort saman med resten av julepynten, for Mummi passar året rundt, eller kva?! Og det er framleis såpass mørkt ute at det er mykje kos i å tenne stearinlys inne. Det gir glede. Eg har laga ein filmsnutt her i vanleg og sakte fart slik at også du kan få sjå det når det går rundt og rundt, hi, hi!

Legg igjen ein fin tanke