6. jan. 2020

Måndagssong



Regntungt og mørkt her hos oss denne måndagen. Sit her og ser på Sanditon og om ikkje lenge blir det middag. Greitt å vere tilbake på jobb igjen, men er noko trøytt no – har ikkje stått opp klokka halv seks i ferien for å seie det slik ;) Som mange andre, har eg favorittartistar eller -songar som eg tar fram jamt og trutt. No i ettermiddag er det Markéta Irglovás musikk eg har høyrt på. Stemma hennar er enno like vakker og mjuk som då eg fyrste gongen såg den finaste filmen Once. Ei stemme som får meg til å senke tempoet, får meg til å setje meg ned, berre bli i eitt med musikken.

Legg igjen ein fin tanke