27. jan. 2020

Bønn for Tsjernobyl

Denne boka. Av og til er det vanskeleg å skildre det ein har lese, for ein sit igjen med så mange kjensler og like mange inntrykk. Slik har eg det no etter å ha lese Bønn for Tsjernobyl av Nobelprisvinnar Svetlana Aleksijevitsj. Ho vann prisen i 2015 "for hennes flerstemte forfatterskap, et monument over lidelse og mot i vår tid". Boka er den fyrste ut i mi eiga utfordring der eg skal lese ei bok i månaden av ein forfattar som har vunne Nobels litteraturpris. Opp gjennom åra er det nokså få kvinner som har vunne, og eg ønskjer å lese desse, få dei fram i lyset. Aleksijevitsj har intervjua fleire personar over mange år, personar som alle på kvar sine vis blei direkte råka av Tsjernobyl-katastrofen. Kvart kapittel er forma som ein monolog der forfattaren, altså intervjuaren, ikkje er til stades. Orda frå dei som snakkar slår hardt, dei blir ståande lenge. Eg trur det er vanskeleg å skjønne korleis det var å stå midt oppi det heile, uansett om du var brannmann eller bonde, barn eller vaksen. Dette er ei bok eg kjem til å hugse lenge, har du nyleg lese ei slik bok?

Legg igjen ein fin tanke