Altså, gurimalla: Vidar Magnussen då han dirigerte "Imperial March" frå Star Wars i førre vekes Maestro var så himla, utruleg bra! Berre sjå denne herlege videosnutten! Vel, nok ein sundag er her, i morgon er det på'an igjen med morgonskiftet. Det beste med å ha kveldsskift, er at eg kan starte omtrent kvar dag med å lese i ei bok medan eg drikk kaffi, ofte den andre koppen for dagen. Ei av bøkene eg nettopp har lese, er The Murder of Roger Ackroyd, og eg må småhumre litt når eg les slike skildringar av Poirot: "The Intelligence Corps has proved a broken reed. Presumably the man has milk and vegetables and joints of meat and occasional whitings just like everybody else, but none of the people who make it their business to supply these things seem to have acquired any information. His name, apparently, is Mr. Porrott – a name which conveys an odd feeling of unreality. The one thing we do know about him is that he is interested in the growing of vegetable marrows." (s. 19). Nydeleg solnedgang og like nydeleg vintervêr, fleire copper kaffi, herleg humor på jobb og elles ei grei veke. Kvardagar kan vere ganske så fine. Ny vekesoppsummering:
✦ har lese den fyrste boka i utfordringa #readchristie2020: The Murder of Roger Ackroyd
✦ rakk ikkje å knipse bilete, men fint å sjå tre rådyr då eg sykla til biblioteket tysdag ettermiddag
✦ ny video med Loulou og kvalpane hennar, så søte og nusselege
✦ blir aldri lei av å sjå ein slik nydeleg solnedgang over naboblokka
✦ kan hende eg har delt denne før for lenge sidan, men eg ler meg skakk av "Mallorcablusen"
✦ artig å sjå den same figuren som me såg på Solastranda på ein vegg i Gamle Stavanger
✦ førre vekes Maestro med songar frå bla. Kaptein Sabeltann og Harry Potter
✦ eit tiår med filmmusikk i ein fin medley
✦ kaffi i ein Mummikopp måndagsmorgon
✦ hjarte på ei trestamme
✦ "Crosswalk the Musical in Paris – Les Miserables" – like morosam som dei andre musikalane
✦ lese Bønn for Tsjernobyl som den fyrste boka i mi eiga Nobels litteraturprisufordring
✦ møte på eit sjarmtroll av ein katt her om dagen
✦ at Grace & Frankie er tilbake på skjermen
✦ kjempefin minimalistisk plakat inspirert av den rørande It's A Wonderful Life
✦ tommel opp for vintersola
✦ sollyset gjennom dei brune blada som fortsat heng på trea
✦ sundagsmorgon med kaffi i koppen og noko søtt attåt
✦ "When Norwegian TV Actually Appreciates Classical Music" – TwoSetViolin, altså :)
✦ sola over Mosvatnet då eg sykla heim onsdag etter jobb
Legg igjen ein fin tanke