24. jan. 2020

Nysgjerrig sjarmtroll ved Vannassen

Skulle setje meg til rette for å lese etter frukosten i dag, men det varte ikkje lenge. For sola skein inn gjennom vindauget og eg kjente at eg berre måtte komme meg ut ein tur. Å kjenne sola i andletet, det er ei like bra kjensle kvar einaste gong. Eg traska bort til Vannassen, og før eg hadde byrja på runden rundt, kom denne fine katten meg i møte. Å, ein ordentleg bartekatt som var nysgjerrig og som ønskte å leike. Tihi, rett og slett eit sjarmtroll! Eit koseleg møte på ein flott januarfredag.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå, så fint Silje ♥ Nå gjorde du morgenen min litt bedre midt i ett veldig savn til Bianco. For hvem kan vel ikke smile av ett sånt lite sjarmtroll ;) Takk skal du ha ♥

Silje sa...

Pusen var kjempefin og ville helse på alle som gjekk forbi :) Kjekt å kunne glede andre med eit innlegg som dette ♥

Legg igjen ein fin tanke