5. jan. 2020

Rolege dagar rett før nytt jobbår

Nyt siste rest av ferien. I morgon er det tilbake til jobb, jepp, rett på morgonskiftet. Det skal vel gå sjølv om me har sove litt frampå gjennom ferien. Om ein ser bort frå nyttårsaftan, har det vore ei kjemperoleg veke og eg har for det meste vore heime og slappa av med ei bok. Godt å starte det nye året med senka skuldre, lesing, roleg musikk, stearinlys og kaffi. Resten av dagen har eg lite på tapetet, reknar med at det blir meir lesing, finne fram sekken til i morgon, kanskje sjå ein film og plutseleg er det måndag. Tenkjer eg berre køyrer på og deler sundagslista no med ein gong:

✦ sundagsmorgon med bok og stearinlys; ute var det framleis mørkt
bli rørt av å sjå den fyrste episoden i sesong tre av Anne with an E
✦ og eg tenkjer eg må sjå filmserien frå 80-talet no snart
✦ Loulou som kvalp, verdas søtaste hund
✦ fleire bøker til lesehaugen min
✦ middag og julekaker i lag med familien heime på Sola den fyrste dagen i 2020
✦ Matthew Rhys om den aller siste Columbo-episoden, og Rhys er så kul
✦ ha så å seie null planar dei siste dagane av ferien, og det har vore superherleg
✦ kongeblå kjole, for blått er verkeleg flott
✦ Erin Brokovich og The Remains of the Day på Netflix
✦ ein kan verkeleg smelte av søtingar som desse
✦ nyttårsdekka bord og fellesfyrverkeriet
✦ sollyset som skein inn gjennom våre kule gardiner
✦ "Who Wants to Live Forever" – ein episk orkersterversjon av Queen-songen
✦ siste boka i 2019: We Met in December
✦ laurdagsmorgon med dyne i sofaen og ein varm kopp nytrakta kaffi
✦ artige fakta om skodespelet The Mousetrap
✦ litt seint ute, men likevel gøy å sjå Home Alone i går kveld
✦ kvardagsglede i englespelet på bordet og adventsstjerna i vindauget

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Kjempefin liste Silje ;) Jeg likte absolutt alt! Og du var kjempefin i den blåe kjolen ♥

Silje sa...

Gode deg, tusen takk! ❤️ Håper du får ei bra veke, Ida! :D

Legg igjen ein fin tanke